Kontroll: Som vanleg saumfor Statens vegvesen tunge køyretøy på kontrollplassen på Svegatjørn, vis a vis E39. (Illustrasjonsfoto/arkiv)

Sjenerande lys i førarhytta resulterte i bruksforbod

Totalt 38 køyretøy vart kontrollerte på Svegatjørn torsdag.

Som vanleg saumfor Statens vegvesen tunge køyretøy på kontrollplassen på Svegatjørn, vis a vis E39.

Av dei 38 kontrollerte, fekk sju av dei bruksforbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsakene var mange.

Éin mangla dokument, ein annan hadde sjenerande lys (?) i førarhytta.

Éin fekk bruksforbod for feilmerking ADR, medan to ikkje hadde sikra lasta si skikkeleg.

Éin hadde sikthindringar, og den siste hadde feil med utløysararm svingskive.

I tillegg fekk tre køyretøy tekniske mangelseddel.

Éin førar fekk to gebyr for to brot på køyre- og kviletidsreglane, medan to andre fekk åtvaringar for det same.

Det vart også delt ut to gebyr, til same føraren, for dekk under lovleg mønsterdjupne.