Tatt: Det var ei rekkje sjåførar som blei vinka inn til sida då UP hadde kontroll fredag morgon.

Sjølv om 15 fartssyndarar blei tatt ved skulen, fann politiet noko positivt ved kontrollen

Fredag morgon hadde Utrykkingspolitiet (UP) kontroll ved Søfteland skule.

UP stilte seg opp klokka 9 fredag morgon, rett etter skulestart.

I laserkontrollen var det 15 sjåførar som blei tatt for å køyra for fort i 40-sona.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dette er ein stad kor vi ikkje ofte har kontrollar, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Christine Grindstein og legg til:

— Det er gjerne ein stad kor det er lett for å køyra litt for fort. Det som er positivt, er at det var ingen førarkortbeslag, og ingen køyrde fortare enn 54 km/t. Det er ikkje så veldig mykje over fartsgrensa, men det er klart at det ved ein skule er spesielt viktig å halda fartsgrensa.

Resultatet gjer at politiet nok kjem til å følgja med på dette strekket.

— Vi har fleire område som er aktuelle, både stader der det er fare for ulukker, og område der det er fare for skade på mjuke trafikantar. Vi har i tillegg fleire stader der det blir meld om stygg køyring. Område kring skular vil alltid vera aktuelle. 15 forenkla førelegg er mykje, seier ho.

Stoppa mann i 40-åra

Søndag føremiddag blei ein mann i 40-åra stoppa medan han køyrde bil.

– Han var påverka av alkohol. Det er oppretta sak, seier Grindstein.