Ulukke: Det er oppretta sak for køyring i påverka tilstand og forulemping mot tenesteperson.

Skal ha utagert etter trafikkuhell: Vart påsett handjern og køyrd i arresten

Mannen i 30-åra er mistenkt for ruskøyring etter å ha køyrd ned fleire lyktestolpar torsdag ettermiddag.

Klokka 15.31 torsdag, stansa ein UP-patrulje ein personbil som skal ha køyrt ned fleire lyktestolpar nær Skogafjelltunellen.

Les også
Trafikkulukke ved Skogafjellstunellen: Skal ha køyrd ned fleire lyktestolpar

Mannen er mistenkt for å ha køyrt i påverka tilstand, og vart teken med til legevakt for blodprøve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der skal mannen, i fylgje politiet, ha utagert mot patruljen. Han vart difor iført handjern og køyrd i arresten i Bergen.

Det er oppretta sak for køyring i påverka tilstand og forulemping mot tenesteperson.