Ulukke: Fleire lyktestolpar ligg strødd etter sjåførens ville ferd.

Trafikkulukke ved Skogafjellstunellen: Skal ha køyrd ned fleire lyktestolpar

Mann i 30-åra mistenkt for ruskøyring.

Like etter klokka halv fire i ettermiddag kom meldinga om at ein bil hadde køyrt av påkøyringsrampen frå E39 i retning Os. Altså på det flate partiet mellom Skogafjelltunellen og bubilsenteret i Kolskogen.

Fleire lyktestolpar skal ha blitt køyrd ned, og fem meter utanfor vegen ligg botnplata til bilen att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjåføren er medviten, og er skada i ei hand.

Ulukke: Både politi, brannvesen og helsepersonell rykte ut til ulukka.

Politibetjent Sindre Hallem opplyser at sjåføren er mistenkt for køyring i rusa tilstand. Han vil bli teken med til legevakt for blodprøve og ein helsesjekk.

Vitne skal ha skildra svært uvitig køyring, og at sjåføren, ein mann i 30-åra, ikkje såg ut til å ha planar om å stoppa, før ferda til slutt enda ute i grøfta.

Mannen skal ha køyrd i grøfta vel 100 meter frå rundkøyringa over Skogafjellstunellen, ved avkøyringsrampa.