Trailer-vask: Sjåføren måtte trø til for å vaska bort skiten.

Skilta var ikkje synlege gjennom skiten. Måtte til med vatn og såpe

Statens vegvesen fann litt av kvart å plukka på måndag kveld.

Måndag vart 78 tunge køyretøy innom kontrollplassen på Svegatjørn.

Alle vart sjekka med tanke på periodisk kontroll og forsikring. Hovudfokuset låg likevel på teknisk, vekt, dekk, kjetting, dokument og køyre- og kviletid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein tilhengar til lastebil var ikkje registrert for køyring på offentleg veg. Dermed vart det bruksforbod og 5.000 kroner i gebyr.

Eit vogntog fekk bruksforbod grunna avrenning frå fisketransport, og eit anna måtte vaska baklys og skilt då desse ikkje var synlege på grunn av skit.

Å køyra med skilt for spesialtransport når vogntoget er tomt, er heller ikkje lov. Dermed vart det bruksforbod for feilmerking.

Av tekniske feil, stilte ein buss med diesellekkasje, oljelekkasje og ikkje godkjent brannsløkkjar.

Eit anna køyretøy fekk teknisk mangel på skade i dekk.

Køyre- og kviletid

Kva galdt køyre- og kviletid, vart sju førarar kontrollerte. Resultatet var fem åtvaringar fordelt på to sjåførar for mindre brot på regelverket.

Ein fartsskrivar hadde ikkje føretak registrert i programvaren. Dette må gjerast av firma.

I tillegg vart det sendt ein rapport til Skatteetaten for manglande vektårsavgift for å trekkja tilhengar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein førar fekk eit gebyr på 2.000 kroner for dekk under minstemål som er 5mm på køyretøy over 3.500 kilo. Ein annan fekk eit gebyr på 1.200 kroner for manglande kjetting.

Eit vogntog fekk gebyr på eit dekk som var under minimum på semitrailer.