Kåre Lutro og Kari Berge diskuterer kommunens planteikningar.
Kåre Lutro og Kari Berge diskuterer kommunens planteikningar.

Skuffa over prosessen med ny gymsal

Os ungdomsskule er skuffa etter møtet med kommunen om bygginga av ny gymsal. - Dei seier vi er på lag, men det kjennest ikkje slik, seier kroppsøvingslærar Kari Berge.

Det har støya kring bygginga av ny gymsal ved Os ungdomsskule dei par siste vekene. Stridens kjerne er storleiken og tal nye gymsalar som skal byggjast. Medan kommunen står fast på at to gymsalar á om lag 200 kvadratmeter er godt nok, seier personalet og FAU ved ungdomsskulen at dette langt frå vil dekka behovet.

Førre vekes oppklaringsmøte mellom avdelinga for oppvekst og kultur i kommunen og personalet på Os ungdomsskule, førte ikkje partane nærmare kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg opplever at kommunen er lite lydhøyre. Dei seier at dei forstår og at vi er på same lag, men i praksis kjennest det ikkje slik, sukkar Berge.

Sjølv om rektor Kåre Lutro er litt meir atterhalden i sin kritikk av prosessen, er begge samde om at den planlagde løysinga ikkje er god nok.

- Vi burde ha blitt invitert inn i førebuinga til reguleringsplanen for å visa kva behov skulen har for areal i eit nytt bygg. No når dei ytre rammene er fastlagt, blir det vanskeleg å sikra nok areal.

Dårleg standard

I reguleringsplanen er det lagt opp til to gymsalar med standard storleik. I åra 2012/2013 kom det nye fag og nye læreplanar. Fagplanane for kropps-øving og fleire av valfaga, set krav til undervisningsareala. Skulen har mange klassar med 30 elevar, og variert aktivitet for heile klassen blir vanskeleg med alle i ein gymsal, ifølgje Lutro. Tre gymsalar ville hjelpa på organiseringa, og i tillegg må ein ha rom til alternativ trening, meiner rektoren.

- Kommunen har til og med føreslått at vi kan ha gymtimar i den nye idrettshallen på Kuventræ. Det er umogleg i praksis sidan heile gymtimen vil gå vekk i transport, seier Berge.

Arealet som er fastsett til gymsal og garderobar, rommar også ein sal til kulturføremål. Og sjølv om skulen gjerne hadde sett at denne vart gjort om til gymsal, treng dei også kulturareal til valfaget "Sal og scene".

- Eg er svært spent på kva tilbakemeldingar kulturlivet i kommunen vil koma med. Dei har enno ikkje uttalt seg, så det blir spennande, seier Lutro.

Kommunen skal byggja fleire øvingsrom for kulturskulen i det nye bygget, og kultursalen er tenkt brukt for fleire enn skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er vel og bra, men ein på passa seg så det ikkje vert ein hall for alle andre enn skulen, seier Lutro.

Ofra skuleplassen

Rektor strekar fleire gonger under at han er glad for at det del to i oppussinga av Os ungdomsskule no er i gang.

- Eg har stadig tru på at vi og kommunen vil koma fram til ei god løysing, seier han.

Han meiner kommunen bør vurdera å auka grunnflata på bygget og ofra nokre meter av skuleplassen. I så fall må det søkjast om dispensasjon frå den politisk vedtekne reguleringsplanen.

- Slik eg forstod plan- og utviklingssjef i kommunen, Aina Tjosås, er ikkje dette heilt umogleg, seier Lutro.

Berge er ikkje heilt på linje med sjefen sin.

- Eg meiner vi treng meir enn det rektor skisserer. Dersom vi ikkje får fire salar, vil det bli meir eller mindre som idag. Og det er ikkje godt nok, seier ho.