Flagg på halv stong i Eikelandsosen i dag.

Skulane markerer kvar på sin måte. Opne kyrkjer i Os og Fusa

Nasjonale styresmakter er klar på at skulane skal vera opne, men at elevane skal få høve til å prata om Kongens bortgang.

Publisert Sist oppdatert

– Me har nett fått melding frå nasjonale styresmakter om at alle skuler skal haldast opne, men at det skal og bør leggjast til rette for at elevane kan møtast og prata om Kongens død. Korleis skulane markerer det, blir opp til kvar enkelt, seier kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune, Arild McClellan Steine.

Styresmaktene oppfordrar også skulane til å setja av tid til å sjå heile eller delar av gravferda til Kong Harald på TV når den tid kjem.

Flagg på halv stong på Torget i Os fredag morgon.

Kondolanseprotokoll

Då Os & Fusaposten prata med Steine vel kl 11 fredag, kunne han informera om at dei jobba med å laga til ein kondolanseprotokoll.

– Mest truleg vil me leggja denne ut på biblioteket i Os Næringspark. Her kan folk koma og skriva ei helsing til Kongen, fortel Steine.

Her er den øvrige informasjonen som er lagt ut på kommunen sine heimesider:

Bjørnafjorden kommune flaggar på halv stong i dag. Rektorane ved dei kommunale skulane tar sjølve stilling til korleis dei vil organisera minnemarkering med elevane.

Alle kyrkjene i Bjørnafjorden vil ringe med kyrkjeklokkene i éin time frå klokka 12 i dag. I tillegg vil Os kyrkje og andre kyrkjer halde ope i periodar gjennom helga.

I Fusa kyrkje vil det vera open kyrkje i dag kl. 15.00 – 18.00 og i morgon laurdag kl. 15.00 – 18.00. På søndag vert det markering i samband med gudstenestene i Strandvik kyrkje kl. 11.00 og Sævareid kapell kl. 16.30.

I Os kyrkje vil det vera open kyrkje i dag klokka 10.00-12.00 og 15.00-18.00 (opphald grunna bisetting), i morgon laurdag 15.00-18.00 og søndag 13.00-16.00.

Ordføraren vil gi eit generelt råd om at publikumsarrangement blir avlyste dei næraste dagane, men dette er opp til den enkelte arrangør å ta stilling til. Om ein vel å gjennomføra arrangement, må det skje i verdige former. 

Powered by Labrador CMS