Rydda Det var kanskje fleire som observerte ein del ungdomar med plastsekkar i og rundt sentrum av Os på fredag. Desse hadde tatt på seg å rydda områda for plast.

Skuledag i plastens teikn

Fredag hadde Os gymnas sett den ordinære timeplanen til side. I staden vart dagen ein temadag der plast stod i sentrum.

Dette vil nok mange av Os & Fusaposten sine lesarar allereie ha fått med seg ettersom elevar ved skulen hadde overtatt Facebook-kontoen til avisa denne dagen.

Engasjerande foredrag

I dei siste vekene fram mot temadagen hadde elevane registrert kor mykje plast familiane deira kasta i løpet av ei veke heime for å bli bevisste på kor mykje plast ei hushaldning «produserer». Svaret på denne lokale undersøkinga er eit gjennomsnitt på to og ein halv berepose i veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ein felles frukost i kantina samla elevane seg i gymsalen for å høyra Ruben Oddekalv frå Miljøvernforbundet snakka om marin plast, altså plast i sjø og vatn.

I eit engasjerande foredrag forklarte Oddekalv kvifor dette er eit stort problem både lokalt og globalt. Samstundes understreka han at plast ikkje berre er eit problem i vatn, men òg på land.

Utan å moralisera, snakka han om kva ansvar vi som individ og samfunn har, og korleis vi kan bidra til å gjera dette problemet mindre. Inspirerte av Oddekalv gjekk elevane så i grupper der dei på ulikt vis jobba vidare med dagens tema.

Bomull heller enn plast: Mange bruker plastposar til å ha grønsaker og frukt i. Desse elevane hekla fruktnett av bomullstråd.

Fruktnett

Éin av aktivitetane var knytt opp til kunst og handverk. Mange bruker plastposar til å ha grønsaker og frukt i, og det er verken berekraftig eller miljøvenleg. Derfor har elevane på denne aktiviteten jobba med å hekla fruktnett av bomullstråd.

– For mange av elevane var dette ein aktivitet dei hadde lita eller inga erfaring med, noko som i byrjinga resulterte i enkelte kraftuttrykk, men etter kvart som dei vart vande med prosessen, gjekk det lettare, fortel lærar Maaike van Langen.

Stemninga var likevel god, og gradvis tok netta form i ulike fargar og fasongar.

Medan nokre elevar laga veggavis om plastens historie, var andre i gang med kreative oppgåver i gjenbruk. Her vart gamle joggesko gjevne nytt liv, modellar av formel 1-bilar såg dagens lys, og flotte plagg av plast blei trylla fram, alt dette og meir til fint presentert i form av ei utstilling i vestibylen på Os gymnas.

Elevane kunne også melda seg på kreativ skriving eller journalistikk denne dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til ettertanke

Éi av gruppene hadde sett seg føre å finna ut kor mykje plast kleda vi kjøper, inneheld. Dei tok derfor turen til klesbutikkane på Flåten Amfi for å undersøkja dette nærmare.

Gjennom ein grundig gjennomgang av produktinformasjonen på dei ulike plagga fann dei ut at med unnatak av bomullsklede, inneheld det meste av det vi ifører oss plast i større eller mindre grad.

Faktisk er så mykje som 60 prosent av kleda våre laga av plastmateriale, og ein tredel av mikrofibrane som hamnar i havet, kjem frå kleda våre.

Funn til ettertanke, og som kanskje får nokon kvar til å tenkja gjennom om vi kanskje har meir klede enn vi treng i skapet, og om vi kanskje kan bruka dei lenger før vi kjøper nye.

Mikroplast: Prøvane vart undersøkte på biologilaboratoriet der elevane brukte luper og mikroskop til å identifisera mikroplastbitar frå prøvane.

Mikroplast

Å undersøkja mikroplast i nærmiljøet var ei anna oppgåve denne dagen. Først vart det samla inn prøvar frå området rundt Os gymnas og Os sentrum. Deretter delte gruppa seg i to. Den eine gruppa samla inn data frå Banktjørna, Kuventræ, Ulvenvatnet og Kuven, mens den andre gruppa tok prøvar langs vegen mot Osøyro, i Oselva og i Mobergsvika.

Prøvane vart undersøkte på biologilaboratoriet der elevane brukte luper og mikroskop til å identifisera mikroplastbitar frå prøvane. Dei brukte eit skjema frå Nasjonal digital læringsarena (NDLA) til å klassifisera mikroplast etter type og opphav.

Dei fann ikkje store mengder mikroplast i prøvane, utan at dei dermed vågar påstå at det er lite mikroplast i Os, men dei identifiserte ein del med ulikt opphav som klede, tau, kunstgras, emballasje, plastposar, maling, bruskorkar og bildekk.

Ti fulle sekkar

Det var kanskje fleire som observerte ein del ungdomar med plastsekkar i og rundt sentrum av Os på fredag. Desse hadde tatt på seg å rydda områda for plast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart likevel fort klart for dei at her var det meir enn berre plast som låg slengt omkring. Difor plukka dei med seg stort og smått av boss som dei kom over, og det var ikkje lite.

Ti fulle sekkar på berre nokre få timar er eit talande bevis på korleis vi behandlar nærmiljøet vårt.

At enkelte bruker natur og bustadfelt til å kvitta seg med det utrulegaste, var handlevogna i Kvabbedalselva (også kjend som Krabbedalselva) og senga (!) i Varåsen tydelege bevis på.

Takk vera dyktige og engasjerte elevar ved Os gymnas ligg alt dette no der det høyrer heime: I ein bosskonteinar, og Osøyro og områda rundt har vorte reinare.

Dagen vart avslutta i gymsalen med ein kahoot der elevar og lærarar kappast om å visa kven som hadde lært mest denne dagen. Her var konkurransen knivskarp, men til slutt kunne ein vinnar kårast til stor jubel.

Den største vinnaren denne dagen var kanskje likevel miljøet.

Grethe Cirashrii Just-Olsen (VG2-elev)

Terje Bøthun