Vil sjå på tiltak: Rektor Jan Kåre Greve fortel at skulen vil sjå på tiltak som kan bøta på skuletida nokre av elevane mister grunna streiken.

Skulestreiken: Éin av klassene ved Os vgs får full veke igjen frå måndag av

Totalt seks klassar ved Os vidaregåande skule har vore ramma av lærarstreiken. Éin av klassane får full veke igjen frå måndag av.

Lærarstreiken har no vara i tre månader. Framleis er det lite som tilseier at det blir semje mellom KS og lærarane med det første. I mellomtida må skulane sjå på korleis dei best mogleg kan ivareta elevane som er ramma av streiken.

— Me har alt gjort eit viktig og naudsynt grep. Me har ein byggfagklasse med tilrettelagt opplæringsløp. I denne klassen er det åtte elevar. No har me søkt dispensasjon for at dei skal kunna få kontaktlæraren deira tilbake i klasserommet. Det har me fått ja til for komande veke, så frå måndag av får dei full veke igjen, fortel rektor ved Os vidaregåande skule, Jan Kåre Greve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil sjå på tiltak

For dei fem andre klassane blir det etter alt å døma ei ny nedskalert veke. Per no er det ingenting som tydr på at lærarstreiken nærmar seg slutten. Dette må skuleleiingane ta omsyn til.

— Det er andre skular som er langt hardare ramma enn oss, men for dei fire TIP-klassane våre og eine byggklassen har denne streiken dessverre fått konsekvensar. Desse har ikkje fått programfaga sine. Det synest me er veldig leit, seier rektor Greve.

Han fortel at dei til veka vil ha møte om korleis dei på best mogleg måte kan syta for at elevane får tatt att noko av det tapte.

— Me kan ikkje utvida skuletida, men me kan kanskje styrkja undervisninga på annan måte når streiken er over. Dette er ting me skal diskutera, fortel Greve.

Han legg til at dei skal ha eit foreldremøte for elevane ved VG1 og VG2 4. oktober. Til den tid skal dei ha klar meir informasjon om temaet.

— På landsbasis har det vore skrive om at streiken har ført til at elevar fell av og sluttar. Har de sett tendensar til dette hos dykk?

— Nei, det har me heldigvis ikkje, konstaterer Greve.