Skurbrann på Vinnes

Måndag ettermiddag fekk politiet melding om brann i eit skur på Vinnes. Det viste seg at det var ei kontrollert nedbrenning.

Lensmannsetaten gav beskjed om at ein måtte melda frå om slikt neste gong. Brannvesenet vart ikkje kopla inn i saka.

- Det heile var høgst udramatisk, fortel Fusa lensmannskontor.