Bussen skal gå oftare frå Fusa til Haukeland etter endringar i ruta i haust. (Arkivfoto)
Bussen skal gå oftare frå Fusa til Haukeland etter endringar i ruta i haust. (Arkivfoto)

Skyss gjer endringar i Haukeland-ruta

I haust ble det gjort endringar i busstilbodet mellom Fusa og Haukeland universitetssjukehus.

Skyss har denne hausten lagt inn ein ekstra avgang frå Fusa til sjukehuset i Bergen.

- Etter dialog med mellom andre Fusa kommune er det gjort endringar og omprioriteringar i rutene frå hausten i år, fortel presseansvarleg i Skyss, Camilla Lundberg Berntzen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Via Os og Samnanger

Tidlegare var det berre eit reisealternativ. Bussen gjekk då frå Eikelandsosen til Venjaneset, vidare over til Hatvik og Os, og så til Haukeland.

- Denne bussen går framleis, men no må ein gå av bussen på Venjaneset, og gå på ein ny buss på Hatvik, og på ny buss frå Osøyro til Bergen, via Haukeland, seier Berntzen og legg til:

- Samstundes med denne bussen, går det ein buss via Samnanger til Haukeland sjukehus. Denne er ny i ruta frå i haust av.