Den daglege leiaren ved Leigland Bygg trivst kjempegodt med å jobba i eiga bygd. - Frå huset eg bur i har eg 50 meter til jobben. Det er praktisk, konstaterer Leigland.
Den daglege leiaren ved Leigland Bygg trivst kjempegodt med å jobba i eiga bygd. - Frå huset eg bur i har eg 50 meter til jobben. Det er praktisk, konstaterer Leigland.

Slår nye slag for å sikra arbeidsplassar i heimbygda

Han har gjort bedrifta til ein stor og mektig aktør i byggjebransjen. No planlegg Mikal Leigland å byggja ein 4.000 kvm stor fabrikk i heimbygda Strandvik.

- Førebels er me på skisse-stadiet, men me har ein visjon om å byggja denne fabrikken - og kvar ville me no vore om me ikkje hadde hatt visjonar og draumar, humrar den daglege leiaren i byggverksemda Leigland Bygg AS.

Nevenyttig unggut

Me treffer 56-åringen på møterommet i den nye kontorfløyen i firmabygget i Strandvik. Utanfor vindauget speglar vintersola seg i sjøen. I andre enden av rommet prydar teikninga av den nye fabrikken ein gedigen storskjerm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mikal er "casual" kledd i blå ullgenser og mørke jeans. Han ser rastlaus ut der han sit etter å ha servert meg kaffi. Å bli intervjua er truleg ikkje favorittsysla hans.

Mikal gjekk i forfedrane sine fotspor då han i 1982 starta sitt eige byggmeisterfirma i Strandvik. Faktisk var han familiens fjerde generasjon som skapte seg leveveg gjennom dette yrket.

I 1986 vart firmaet hans gjort om til eit aksjeselskap. Sidan har namnet lydd Leigland Bygg AS.

Leigland Bygg er lokalisert på tomta til den gamle sildoljefabrikken i Strandvik. Fabrikken vart lagt ned i 1971. Mikal Leigland og kollegaene har bygd ut lokala litt etter litt sidan 1986. Heile bygget er totalt 4.500 kvm.
Leigland Bygg er lokalisert på tomta til den gamle sildoljefabrikken i Strandvik. Fabrikken vart lagt ned i 1971. Mikal Leigland og kollegaene har bygd ut lokala litt etter litt sidan 1986. Heile bygget er totalt 4.500 kvm.
Kontorbygget som vart reist i samband med firmaets 25-årsjubileum i 2011 har også eit eige trenngsrom i førstehøgda.
Kontorbygget som vart reist i samband med firmaets 25-årsjubileum i 2011 har også eit eige trenngsrom i førstehøgda.
Når Donald Trump har namn på bygga sine, kan vel Leigland ha initialane sine på dei han har stått for. - Slapp av, det er berre eit manipulert bilete. LB-initiala på Høyskolen i Bergen-bygget er lagt på av nokre moroklumpar som gav meg det i presang, fortel Leigland.
Når Donald Trump har namn på bygga sine, kan vel Leigland ha initialane sine på dei han har stått for. - Slapp av, det er berre eit manipulert bilete. LB-initiala på Høyskolen i Bergen-bygget er lagt på av nokre moroklumpar som gav meg det i presang, fortel Leigland.
Mikal Leigland framfor tomta der dei alt er byrja å støypa fundementa for ein element-fabrikk på totalt 4.000 kvm. - Går det som me håpar, får me han opp og gå innan to-tre år, seier Leigland.
Mikal Leigland framfor tomta der dei alt er byrja å støypa fundementa for ein element-fabrikk på totalt 4.000 kvm. - Går det som me håpar, får me han opp og gå innan to-tre år, seier Leigland.
Leigland Bygg AS)
Leigland Bygg AS)

- Bygde du mykje lego som liten?

- Hehe, nei. Me hadde ikkje mykje lego på Leigland då eg var liten. Men eg voks jo opp på ein gard, så eg fekk jo byggja og utfolda meg med nevane. Faktisk utdanna eg meg til agronom før eg fann ut at eg heller ville byggja hus.

- Du er fjerdegenerasjons byggmeister. Dei femte er også i gang?

- Jaudå, både Sigmund og Torkel er i byggjebransjen. Dei jobbar her hos oss begge to.

Realiserer fabrikkdraumen

Leigland Bygg AS har lang erfaring med å byggja element til hus og andre bygg og mykje monteringsarbeid vert den dag i dag gjort på fabrikken i Strandvik. Men no ønskjer Mikal og kollegaane altså å byggja ein automatisert elementfabrikk på 4.000 kvadratmeter. Ein del av grunnmuren er alt ferdigstøypt litt lenger inne på den gamle sildeoljetomta i Strandvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kvifor byggjer de denne fabrikken?

- Me har drive med elementproduksjon sidan 1986, men då i hovudsak til eigne bygg. No ønskjer me å byggja ein fabrikk der mykje av arbeidet er automatisert, og me dermed kan driva ein langt større produksjon. Hovudmålet er å kunna levera til andre aktørar i leiligheits- og husbransjen.

- Når håpar de å ha realisert fabrikkdraumen?

- Om alt går som me ønskjer, er han oppe og går innan tre år.

- Og då treng de naturleg nok fleire tilsette?

- Mykje av arbeidet vil vera automatisert, men me vil nok ha bruk for ein 12-15 nye arbeidarar.

54 einingar på eit halvt år

Kor visjonær han var i starten, skal vera usagt, men Mikal har jobba seg sikkert opp og fram i næringa. Frå han starta åleine på eit lite lager der den gamle sildeoljetomta stod, til han i dag er leiar for ei bedrift med over 50 tilsette og har eigarinteresser i fleire andre firma innan same næring.

- Korleis var dei første åra?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Etter å ha jobba hos byggmeister Odnekvam i Bergen, returnerte eg til Strandvik i 1982 for å jobba i lag med min far. I 1986 leigde eg eit lager her på tomta til den gamle sildoljefabrikken og starta mitt eige firma. To år etter hadde eg ti tilsette og fekk oppdraget med å byggja Fjord'n Senter. Om lag på same tid kjøpte eg tomta her ute og bygde mine første lokale.

Etter kvart som åra gjekk bygde han ut og fekk fleire tilsette. I samband med 25-årsjubileumet i 2011 kom den 450 kvm store kontordelen på plass i sørenden firmabygget.

- Når byrja du å sjå behovet for å ta jobbar også utanfor kommunen?

- Å, det var vel etter me var ferdige med Fjord'n Senter. Vent litt, seier Mikal, reiser seg og hentar nestleiar Arvid Johnsen.

- Dette er karen som hjelpte meg inn på marknaden i Bergen. Arvid kom inn i firmaet i 1994, men alt i 1993 hjelpte han meg med å dra i land min første store jobb.

- Ja, stemmer det. Det var då me bygde 54 leilegheiter på eit halvt år. Det var heilt vilt, kommenterer Johnsen.

- Ja, eg skjønar ikkje korleis me klarte det. Og ikkje tente me noko særleg på det heller, ler Mikal.

- Nei, det var magre tider for byggjebransjen den gong. Me tok det me fekk og måtte berre inn i marknaden og visa at me dugde, seier Johnsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skapartrong og sysselsetting

- Kva har vore drifkrafta di i alle desse åra?

- I starten motiverte det meg veldig å skapa arbeidsplassar i bygda vår. Det har heile vegen vore viktig for meg, men utover det er det vel gleda over å skapa ting.

- Mikal er ein gründer, ferdig med den. Han er eit oppkome av idear og har skapartrong i blodet, kommenterer nestleiar Johnsen.

- Jaudå, eg likar å skapa, men det er ikkje noko one man show dette her, altså. Eg er privilegert og har mange gode kollegaar som skal ha mykje av æra for det som går bra.

- Kven har vore din viktigaste støttespelar?

- I første rekkje far min. Han var ein real arbeidskar. Du veit, han vart 93 år, og jobba her i lag med oss inntil han gjekk bort for litt over eitt år sidan. Elles må eg jo nemna Arvid. Han er ein mann eg jobbar godt med. Me utfyller kvarandre godt, seier Mikal og får Arvid Johnsen litt å trekkja på smilebanda.

- Åh, så hyggjeleg. Berre held fram, skjemtar Johnsen.

Store bygg på samvitet

Dei siste 30 åra har Leigland Bygg AS stått for realiseringa av ei rekkje store bygg i Fusa, Os, Bergen og områda rundt. I heimkommunen har dei bygd Fjord'n Senter, Fusa sjukeheim, Baldersheim skule, Fusa vidaregåande skule og mykje meir. I Os har dei bidrege til bygginga av Osbadet, Os brannstasjon, Os barnehage og no nyleg dei tre lågblokkene i Solstrandvegen. I Bergen og omegn har Leigland Bygg stått bak handlesenteret Horisont i Åsane, Høgskolen i Bergen, Høyteknologisenteret i Bergen, Olsvik- åsen vidaregående skole, BI på Marineholmen og mykje meir.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Gjer det dykk stolt å vita at de har bygd så mange store og flotte bygg?

- Ikkje sånn veldig. Det er jobben vår, nett som det er for deg å skriva saker.

- Åh, no må du ikkje vera så blyg, Mikal. Det er klart me er stolte. Det er stort å vita at me gjer gode jobbar som vert lagt merke til, skyt Johnsen inn.

- Finst det geografiske grenser for kvar de tek oppdrag?

- Me har oppdrag også elles i landet. Dei siste 5-6 åra har me hatt rammeavtale med Småkraft AS og bygd ei rekkje småkraftstasjonar mellom anna i Alta, Lyngen, Tromsø og Saltdalen.

- Hender det framleis at du slår i ein spiker sjølv, eller er det berre papirarbeid?

- Nei, det må vera unntaksvis på dugnad i ridehallen eller liknande. Men eg saknar det absolutt. Det er jo det som er livet - å byggja sjølv.

- Du veit han har ikkje tid til slikt lenger. Han har fullt opp med kontorarbeid i firmaet her. Dessutan er han jo styreformann i Geitanger Bygg, Bygg 1 og Kvinherad Bygg, legg Johnsen til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er du veldig fleksibel, Mikal?

- Nei, eg er ikkje så fleksibel, men dei heime er. Det er dei som er flinke til å tilpassa seg arbeidsmengda mi, humrar fembornsfaren som er sambuar med Magnild Nordtveit.

Samfunnsbyggjar

Mikal er som kjent også kommunepolitikar. I Fusa har 56-åringen sete i kommunestyret og formanskapet i fleire tiår. Byggmeisteren er på alle moglege måtar ein samfunnsengasjert mann.

- Du er jo sjølv i utbyggjarsbransjen. Korleis ser Fusa kommune ut om 50 år?

- Fusa vil få sin renessanse og veksa jamt og trutt i åra som kjem. Det er stort potensiale for å byggja ut kommunen, men då trengst det utbetring av infrastrukturen. Om ein får tunell mellom Sævareid, og ja, lat oss seia Bergegrend, vil eit enormt stort bustadområde opna seg. Sævareid, Nordtveitgrend og Baldersheim ligg per dags dato litt bortgøymd til, men dette er jo solsida av Fusa. Med tunell frå Sævareid vil det ta bebuarar her kring fem-seks minutt før dei er i "fjorden".

Om me i tillegg hadde lagt E39 i indre trasé gjennom Fusa, ville kommunen sjølvsagt vorte ein endå meir ettertrakta plass å busetja seg.

Han er uansett oppteken av at folk skal trivst.

- Eg bidreg så godt eg kan til å skapa sosiale møteplassar og byggja identitetkjensle på plassar eg bryr meg om. I Strandvik er det veldig mange flinke folk som bidreg til nettopp dette. Eg føler me har fått på plass mykje av dei ei god bygd skal ha her.

- Finst det noko tak på kor mange innbyggjarar ein kan ha i Fusa?

- I dag har me kring 3.900 innbyggjarar i kommunen, men potensialet er langt større. Det er eit enormt areal.

- Ja, Fusa kommune strekkjer seg over 379 kvadratkilometer. Til samanlikning er Os på knappe 140, skyt Johnsen inn.

- Med god infrastruktur og fornuftig utbygging kan kommunen i alle fall dobla innbyggjartalet, seier Leigland.

Fleire idrettshallar i Fusa?

- Sidan eg byrja å skriva i «Os og Fusa- posten» har det vore snakk om ein fleirbrukshall i kommunen. Kvifor er han framleis ikkje realisert?

- Det har vore enormt mange meiningar om kva han skal innehalda. I tillegg har ein vingla om kvar han skal plasserast. No ser det endeleg ut til at han kjem, og det er me for. Fusingane treng ein slik hall, og fleire skal dei få...

- Åh, seier du det?

- Eg seier berre at det kjem fleire, ikkje kvar, smiler Mikal lurt.

Med tanke på hans engasjement i heimbygda Strandvik og idrettslagets store satsing på volleyball, er det kanskje ikkje så vanskeleg å tenkja seg til kva plass han tenkjer på.

- I 2020 vert Fusa og Os slått saman til ein kommune. Me har ei aning om at du ikkje er så glad for det. Kva utfordringar for Fusa ser du for deg med ei slik samanslåing?

- Den største utfordringa er at me snakkar om to vidt forskjellige kommunar. Os som stadig ekspanderer, og Fusa med svært liten befolkningsvekst. Mi største uro i høve til samanslåinga er at Fusa kjem i bakleksa og vert nedprioritert. Vår viktigaste oppgåve i tida framover er å syta for at me får behalda arbeidsplassane våre i den kommunale sektoren. Om kommunetunet i Eikelandsosen vert tømt for folk, forsvinn litt av livet i bygda.

- Heilt til sist. Bør me få bru mellom Os og Fusa?

- Eg veit ikkje kor viktig det er. Kanskje. Men eg må seia at ferja i dag er blant dei kjekkaste møteplassane me fusingar har.

- Ja, det er ikkje få hus eller leiligheiter me har seld der, ler Johnsen.

- Me håpar på bru. I mellomtida kosar me oss på trivselsferja til Fusa, konkluderer Mikal.