Tommy Austevoll fekk eit bilete saman med gudfaren i norsk poker. Thor Hansen, etter ein dramatisk hand som gjorde at Austevoll rauk ut av Poker-NM.
Tommy Austevoll fekk eit bilete saman med gudfaren i norsk poker. Thor Hansen, etter ein dramatisk hand som gjorde at Austevoll rauk ut av Poker-NM.

Slått ut av gudfaren i norsk poker

Då Tommy Austevoll fekk A-Q på hand, og floppen kom med A-Q-Q, var han sikker på at han kom til å vinna, men på same bordet sat Thor “gudfaren” Hansen med – utruleg nok – ei endå betre hand.

I desse dagar sit pokerspelarar frå Noreg samla kring pokerbord i Dublin og kjempar om både NM-tittel og store premiepengar. Tommy Austevoll reiste til Dublin saman med kompisen Eivind Vedholm. Main event i Texas hold´em starta onsdag med 860 spelarar påmeldt. Finalen går søndag. Austevoll fekk fem timar i tevlinga.

– Vi hadde spelt i fem timar, og eg hadde bygd med godt opp. Eg ser på korta mine, som viser A-Q. Eg hadde kring 40.000 i sjetongar. Hansen hadde om lag det same. Eg satsa litt før floppen kom, og Hansen var den einaste som var med. I floppen kom A-Q-Q. Eg fekk fullt hus på floppen. Eg checka, og det same gjorde han. På turn kom det eit ubetydeleg kort. Eg satsa litt og han syna. På river kom det nok eit ubetydeleg kort. Det var om lag 4.000 i potten. Eg satsa det i håp om å få mest mogleg ut av han. Han auka til 8-9.000, før eg auka til 25.000. Då gjekk han all in. Eg syna med ein gong – sikker på at eg hadde vunne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sa unnskyld

Austevoll vann ikkje. Det var éi hand som kunne slå han. A-A – og dermed eit betre hus. Det var nettopp det Hansen hadde.

– Eg var sikker på at eg var i ferd med å slå ut sjølvaste Thor Hansen, men det blei omvendt. Når eg likevel skulle ryka, på den måten der, er det gjerne greitt at det var han, og ikkje ein tilfeldig fyr, seier Austevoll og legg til:

– 20 minutt før dette skjedde, sa Hansen kring bordet at han aldri har forstått kvifor nokon vel å unnskylda seg når dei slår ut andre. Etter at han hadde slått meg ut, kom han faktisk bort og sa unnskyld. Han trudde at eg hadde K-Q. Han visste ikkje at handa mi var så god. Om eg hadde hatt det han trudde, så skulle eg klart å koma meg ut av det utan å tapa alt, men slik eg ser det, kunne eg ikkje gjort det annleis.

Om gudfaren

Thor Hansen (70) er Norges mest kjende pokerspelar. Han har vore pokerproff i godt over 30 år, og vunne både VM og EM, og gjennom tidene er han blant dei pokerspelarane som flest gonger har spelt seg til pengepremie i World Series of Poker. Hansens sitt talent for kortspel har sytt for eit liv dei fleste berre ser på film. Han har festa med Hollywood-kjendisar, spelt poker med pengane til Hustler-gründer Larry Flynt, og vore i fengsel for ran. I 2012 fekk han dødsdommen då han blei diagnostisert med kreft i tjukktarmen. Han fekk beskjed om at han hadde kort tid igjen å leva, men ringreven sit framleis kring pokerbordet. I fjor sa han til TV 2 at kvar turnering kan bli hans siste.

Skal ta del i turbo-turnering

Eivind Vedholm rauk kort tid etter at Austevoll var ferdigspelt.

– Eg fekk gode kort. Mellom anna fekk eg fire like og straight flush. Eivind var det verre med. Han fekk mykje dårlege kort, og klarte ikkje å spela ut dei andre. Så han rauk sakte, men sikkert nedover, seier Austevoll.

Austevoll har spelt poker sidan han var kring 18 år gammal. Turen til NM i Dublin er den første, og han kjem ikkje til å gje seg med poker for helga.

– Eg skal vera med i main event i turbo. Turneringa startar i morgon, seier han og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit at det framleis er minst ein osing igjen i main event i Texas Hold´em, så eg kjem nok til å ha eit halvt auge til det også, men det er mange igjen, og det skal mykje til for å nå heilt opp.