Oppskrapt: Eigaren er usikker på om forsikringa i det heile dekkar skader etter hærverk.

Slik fann eigaren bilen etter å ha parkert i Endelausmarka

— Utruleg ergerleg at nokon kan finna på noko slikt, berre for å skada.

Søndag 27. november parkerte ei kvinne frå Os BMW-en sin på pendlarparkeringa i Endelausmarka i retning Bergen.

Då ho henta bilen dagen etter, var det heilt mørkt. Bilen vart parkert i garasjen heime. Fyrst på fredagen oppdaga ho kva som hadde skjedd.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nokon har rett og slett gått rundt heile bilen og skrapa han opp med ein nøkkel eller liknande.

Kvinna har meld saka til politiet, men har førebels ikkje høyrt noko meir frå dei.

— Det er utruleg ergerleg at nokon kan finna på å gjera slikt, berre for å skada.

Ho har enno ikkje fått taksert skadane, men trur ikkje hærverk vert dekka av forsikringa.

— Det var fleire andre bilar som stod parkert der også. Eg lurer på om fleire har opplevd det same, men det er uansett viktig å vera obs.