Mannen som utløyste væpna aksjon i Os natt til onsdag, kan venta seg ei rettsleg behandling av saka. (Arkivfoto)
Mannen som utløyste væpna aksjon i Os natt til onsdag, kan venta seg ei rettsleg behandling av saka. (Arkivfoto)

Smell utløyste væpna aksjon

Politiet i Os rykte ut på væpna oppdrag etter at naboar høyrde ein smell natt til onsdag.

- På bakgrunn av at det var høyrd ein smell hadde vi ei væpna utrykking til ei adresse i Os natt til onsdag, opplyser Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

I huset fann dei ein mann i 30-åra. I følgje Hadler-Olsen var han åleine då politiet kom.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi tok beslag i våpen og ammunisjon, opplyser Hadler-Olsen.

Mannen blei pågripen og meldt for uforsiktig omgang med og ulovleg besittelse av skytevåpen.

Saka vil få ei rettsleg oppfølging, men mannen vart slept laus i går.

- Kjenner de til årsaka til smellen?

- Vi går ikkje ut med fleire opplysningar i saka, seier Hadler-Olsen.