Følgjer tiltaka: For å avgrensa ny auke i smitte, har regjeringa sett i verk nye nasjonale smitteverntiltak frå 4. januar. Bjørnafjorden følgjer dei same tiltaka.

– Smittetrykket her er lågt, men målet er å unngå oppblomstring

Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale tiltaka.

For å avgrensa ny auke i smitte, har regjeringa sett i verk nye nasjonale smitteverntiltak frå 4. januar. Tiltaka vil i første omgang vara i to veker, for å få betre oversikt over situasjonen.

Les også
Innfører sosial nyttårspause i Noreg: - Unngå besøk i to veker

- Smittetrykket i Bjørnafjorden kommune er lågt. Men målet med desse forsterka smitteverntiltaka er å hindra ei oppblomstring av smitte etter at mange nordmenn har vore på reise og treft andre menneske enn sine aller nærmaste i jula, seier ordførar Trine Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Alle vidaregåande skular og ungdomsskular går over til raudt nivå

Det blir innført raudt nivå for smittevern i ungdomsskular og vidaregåande skular. Søndag sende Vestland fylkeskommune ut melding til alle elevar i vidaregåande om at det vert heimeskule måndag.

- Vi anbefaler at oppstart av all organisert fritidsaktivitet, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livsynssamlingar innandørs, også for born og unge, blir utsette til etter 18. januar, seier Lindborg.

Bjørnafjorden kommune anbefaler i tillegg munnbind på butikkar og andre offentlege plassar der det er fare for at du ikkje kan halda 1 meter avstand.

Les også
Ropstad: – Er du usikker på om du bør testa deg, så gå og test deg