I karantene: Kommuneoverlege Klaus Melf er sjølv sett i karantene og har blitt testa for koronavirus.

Smittevernansvarleg i Bjørnafjorden kommune sjølv sett i karantene

Kommuneoverlege og smittevernansvarleg i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf, er sjølv sett i karantene etter besøk i heimlandet Tyskland.

Han kom tilbake frå heimlandet sitt Tyskland den 29. februar, og har vore i jobb fram til torsdag. Men med dei nye og strengare restriksjonane som kom i går, vart Melf sjølv sett på sidelinja.

– Ja, eg er i karantene. Heldigvis har eg berre i dag (fredag) og i morgon igjen, seier legen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har vore noko forkjøla, men trur ikkje han er smitta.

– Eg har testa meg for sikkerheits skuld. Svaret får eg truleg på søndag, fortel Melf.

Ingen nye positive prøver

Sjølv om han sit i karantene heime, held han seg oppdatert på jobben sjølvsagt.

– Det er ikkje meldt om fleire positive testar i Bjørnafjorden enn den me fekk på onsdag. Me hadde fem negative testar tysdag. Me testa ytterlegare fire på onsdag. Nokre testar vart også utførde torsdag og fredag. Desse har me ikkje fått svar på, seier Melf.