Om ein dryg månad treng ikkje fusingane reisa over fjorden etter sterkøl, vin og brennevin.
Om ein dryg månad treng ikkje fusingane reisa over fjorden etter sterkøl, vin og brennevin.

Snart pol i Fjord´n

- Om alt går som det skal, opnar vinmonopolet i Fusa torsdag 24. september, fortel pressesjef Jens Nordahl. (NB: Oppdatert med ny opningsdato)

(I saka som fyrst vart publisert, var datoen sett til 1. okotober. Det rette er 24. september).

Utsalet vil bli å finna rett innanfor døra ved austre inngangen av kjøpesenteret. I første omgang vil utsalet bli ope torsdag, fredag og laurdag. Dette blir eit såkalla klasse 1-utsal.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dersom det er trong for det, slik som i samband med feriar eller oppunder jul, så kan det bli aktuelt å utvida opningstida. Me må skaffe oss kunnskap om dette etter kvart, forklarer Nordahl.

Minimum

Lokalet blir på 50 m2 med om lag 200 av dei mest etterspurde produkta.

- Desse produkta dekkjer 90 - 95% av dei varene kundane spør etter. Utsalet vil ha eitt kassapunkt. Me droppar lager og køyrer pallene rett inn i butikken.

Pressejefen forklarer vidare at oppdraget Vinmonopolet har fått frå eigaren Helse- og omsorgsdepartementet, er å driva utsal. Kvar eining har sjølvkost som minium og kan ikkje bli sponsa.

- Vår erfaring er at kundane er godt nøgde med det tilbodet dei får.

15.000

Dei som ønskjer anna enn det dei finn i hyllene, kan - som før - tinga desse via Vinmonopolet sine nettsider eller direkte på utsalet. Men levering på døra blir det slutt på, om ein då ikkje bur meir enn 3-4 mil unna.

- Me har totalt 15.000 ulike produkt, så ingen utsal har alt, avsluttar Nordahl.

Den offisielle opninga av utsalet vil ordførar Hans S. Vindenes stå for.