I vinden: - Padel er i vinden som aldri før, fortel Liv Gunhild Qvale.

Snart sesongskifte: — Me er opne for ønske frå bjørnafjordingane

— No er det snart vintersesong, men me ønskjer innspel på om folk ønskjer seg anna sportsutstyr.

Det seier Liv Gunhild Qvale. Ho er ny prosjektkoordinator for dei to BUA-lokala i Bjørnafjorden kommune.

— Eg starta i august. Då var det framleis bra pågang. Den siste tida har det vore litt stillare her ved avdelinga i Os Næringspark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette trass i at det denne veka har vore haustferie.

— Me hadde nokre få innom på tysdag, men elles er nok pågangen prega av at me er midt mellom to sesongar, seier Qvale.

— Det er likevel mykje ein kan låna også i desse tider. Me har telt, sovepose, tursekker, fiskestenger, syklar, skateboard, rulleskøyter og mykje meir. Om berre vêret hadde vore litt betre, hadde det kanskje lokka folk litt meir, smiler ho.

— Det var nyleg ei mor som spurte på Facebook kvar ho kunne få tak i gode skateboard til ein rimeleg penge. Kunne du hjelpt?

— Absolutt. Me har eit heilt stativ med skateboard - både små og longboard. Det er berre å låna.

Ønskjer lengre opningstid

Etter etableringa sommaren 2021, har BUA stort sett vore open to dagar i veka.

— I Os Næringspark har me ope tysdagar og torsdagar, men hadde me hatt ressursar, hadde me gjerne hatt ope oftare, seier Qvale.

Ho legg ikkje skjul på at dei skulle hatt fleire frivillige både ungdom eller eldre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me treng folk som kan bidra til vedlikehald av utstyr eller stå i utlånsavdelinga. Hadde me fått på plass ei stabil gruppe, kunne me vurdert å ha ope fleire dagar. Kanskje om laurdagane også, seier ho.

Nyleg gjekk ho til innkjøp av fleire nye padelracketar.

— Det er ein sport som er veldig i vinden. Med eit senter her i Os, er vegen blitt kortare. Då er det kjekt at folk kan sleppa å leiga racketar, men heller låna gratis her hos oss.

— Kva vil de elles satsa på framover?

— No er det ikkje lenge til vintersesongen med ski, akebrett og skøyter. Men me er opne for forslag til utstyr folk ser at me manglar. Me har sett at til dømes fotballar, handballar og basketballar kanskje kunne vera noko. Me tek gjerne imot tips, seier Qvale.