Saker i trafikken: Politiet har loggført fleire saker frå trafikken onsdag.

Søkte etter to mopedistar som “køyrde idiot”

Politiet fekk fleire meldingar onsdag etter observasjonar i trafikken.

I 10.30-tida onsdag formiddag skal politiet ha fått melding om ein bil som ikkje held vikeplikta. Dette skal ha skjedd i området ved Mobergsbrua, opplyser politioverbetjent Knut Magnus Fjeld, ved Bjørnafjorden politistasjon.

— Ingen operative tiltak frå politiet, skriv Fjeld i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag kom det melding om ein hengjar som stod i vegbanen på Strønevegen.

— Melder meinte at dette var trafikkfarleg. Patruljen blei send til staden for å vurdera, og var i kontakt med eigar, som skulle syta for å flytta hengjaren, skriv Fjeld.

Klokka 19.24 kom det melding om to mopedar som “køyrer idiot” og plaga andre trafikantar.

— Patruljen søkte i området utan funn, skriv Fjeld.