Terje Tysse, Oskar Tysse (7), Øystein Breivik (12), Anne Christin Breivik og Kjetil Breivik (9) vart møtt av strålande sol i Os hamn.
Terje Tysse, Oskar Tysse (7), Øystein Breivik (12), Anne Christin Breivik og Kjetil Breivik (9) vart møtt av strålande sol i Os hamn.

Sol i Os!

Båtturistane familien Tysse/Breivik har reist tur-retur Os-Bergen omtrent utan regnvêr. Siste veka i juli ser ut til å bli heilt ok vêrmessig!

Når «Os og Fusaposten» presenterer dei ferskaste vêrprognosane for den ferierande familien, tek pappa Terje Tysse det med ei klype salt.

- Vêrmeldingane skiftar heile tida. Ein kan ikkje stola på det. Men me kan ikkje klaga på vêret nett no i alle fall! seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei kom til Os hamn bada i strålande sol, og Anne Christin Breivik kan fortelja at dei heller ikkje har hatt regn på turen med seglbåt frå Bergen. Men dei har uansett sytt for å ha godt med innandørsaktivitetar på turen.

- Me stakk innom biblioteket og lånte med oss 25 bøker. Så vêret hadde uansett ikkje vore noko problem, seier ho.

Vêret vidare

Ifylgje Yr.no får me stigande temperatur dei neste dagane. 17 grader måndag, 18 grader tysdag og 19 grader onsdag. Først på torsdag skal det bli litt småregn (2,3 mm.), før sola kjem tilbake att på fredag. Storm.no er litt meir negative, og melder om fare på regn på onsdag. Dei har likevel samde i at sola kikkar fram att på fredag til glede for arrangørane av Osfest startar denne dagen.