ABO PLAN & ARKITEKTUR AS og Brickvisual AS).
ABO PLAN & ARKITEKTUR AS og Brickvisual AS).

Solstrandvegen: Kraftige naboprotestar mot større utbygging

- At ein etter kort tid skal trekkja i gang endå ein prosess i retning meir massiv utbygging til erstatning for eit eksisterande kompromiss, verkar nokså meiningslaust, uttalar naboar til Solstrandvegen.

Utbyggjarane Krohnås Prosjekt AS og OBOS meiner at den gamle reguleringsplanen til Solstrandvegen ikkje er god nok, og vil ha ein ny plan. Den gamle planen frå 2011 sette ei maksgrense på 50 husvære fordelt på seks blokker og ei maksimal mønehøgd på 68,8 meter. Utbyggjarane har i staden søkt om å auka til ca 70 husvære med annleis bygningskroppar som også inkluderer heva mønehøgd.

Frp/H var skeptiske til den nye planen då endringsforslaget vart handsama i Plan- og bygningsutvalet fyrste gongen, men valde likevel å ikkje avvisa planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også:Sa nesten nei til Solstrandvegen

No har planen vore ute på høyring. Fristen gjekk ut 29. november. Innan den tid hadde det kome inn fem offentlege og tre private merknader til planen.

Deira val

- Me ser ingen grunn til at tiltakshavar skal få byggja 40 prosent fleire leilegheiter i vesentleg høgare bygg enn kva som vert tillate i dagens plan, skriv Steinar Birkeland på vegner av seks av naboane i området.

Han held fram at "planen som gjeld i dag er eit kompromiss etter ein lang, demokratisk prosess, vedtatt for berre fire år sidan".

- I den prosessen åtvara vi mot ei for massiv utbygging. Vi gjekk inn for 25 til 30 bueiningar. Kompromisset ble 50, planlagt fordelt på seks punkthus.

At utbyggjar har prosjektert 36 av dei 50 bueiningane i dei tre første bygga, er eit val utbyggjar har gjort, argumenterer naboane.

- At dei har disponert slik, kan umogleg vera eit argument for at kommunen skal la dei byggja 20 leilegheiter fleire enn vedtatt i neste byggetrinn, skriv Birkeland.

Må seia nei

Naboane meiner også at kommunen sjølv har levert eit klart argument mot å gje løyve til auka høgde på bygga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I 2011, då vi og åtte andre husstandar klaga utbyggingsvedtaket til Fylkesmannen, sendte kommunen et følgeskriv. Der står det at det "i denne planen er valt punkthus, med meir rom mellom. Nabofeltet har valt ei anna utbyggingsform, med meir samanhengande lavblokker. Det er då naturleg at høgda på punkthusa blir høgare enn høgda på ei meir arealkrevjande utbygging".

Dette sitatet meiner naboane må forståast som at Os kommune no må seia nei til auka byggehøgder, ettersom utbyggjar i endringsforslaget har gått vekk frå punkthus, og over til samanhengande blokk, altså "meir arealkrevjande utbygging."

Auka trafikk

Mia Hallesby og Eirik Von Essen Norheim trekkjer i sin merknad fram at utbygginga slik dei ser det, vil føra til ein vesentleg auka trafikkbelastning både i forhold til den trafikken som passerer forbi to av dei andre blokkene, men også ut i krysset ved Hatvikvegen.

- Denne trafikken kjem i tillegg til å verta monaleg større ved utbygginga på Bjånes, skriv Hallesby og Norheim.

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er på si side betenkt over ein ytterlegare auke i talet på bueiningar før ein har sikra tilkomsten til dei mjuke trafikantane på ein forsvarleg måte.

Fylkesmannen i Hordaland uttaler at han ikkje har merknader til reguleringsforslaget slik det no ligg føre.

2. gongs handsaming

Tiltakshavar er no beden om å revidera planomtalen og kommentera kvar enkelt merknad og seia kva som vert teke omsyn til og kva som eventuelt ikkje vert teke omsyn til og kvifor.

Kommunen har bede om å få oversendt revidert planomtale før saka vert lagt fram for 2. gongs handsaming i Plan- og bygningsutvalet.