Dei som lengtar etter sol og sommar, får seg nok ein fin dag fredag.
Dei som lengtar etter sol og sommar, får seg nok ein fin dag fredag.

Søndag blei det bygd snømenn i bygda. Fredag er det meldt strålande sol og nærmare 20 grader!

Det er framleis nokre dagar fram, men helga ser strålande ut vêrmessig. Likevel kan ikkje meteorologen garantera at vinteren er over for godt.

– Ryktet har spreia seg, ja. He-he. Det kan henda det blir varmt og strålande sol til helga, seier vakthavande meteorolog, Magni Svanevik.

Vårvêr

Veka startar fint med sol, men det er ikkje så varmt ute. Det kjem det heller ikkje til å vera onsdag eller torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kjem litt nedbør tysdag kveld og onsdag. Elles er det lite nedbør å spora. Torsdag blir det varmare. Særleg fredag ser fin ut, med over ti grader, seier meteorologen.

– Over ti grader? På nettsida står det 16 grader mellom klokka 14 og 20?

– Det ser slik ut. Det er nokre dagar til, så det er vanskeleg å seia sikkert, men at det ser ut til å bli varmt og fint kan eg seia. Det ser lovande ut, men det er skummelt å lova.

Kan koma snø i april

– Kan du seia at vinteren er over og at vi ikkje får meir kuldegrader og snø?

– Det ser ikkje slik ut til å bli slikt vêr dei neste to vekene i alle fall. Men dette kan endra seg. Det kan koma snø i april. Det har skjedd før. Så sjølv om det ikkje ser slik ut no, kan det skje.