Eikedalen
Tilbodet er for born og ungdom i alderen 12-19 år.

Spanderer lågterskeltilbod til ungdomen i vinterferien

Takk vere støtte frå Vestland fylke kan ungdom i Bjørnafjorden få ein svært billig inngangsbillett til Eikedalen i vinterferien. 

Publisert

I fjor søkte Bjørnafjorden kommune på midler frå Vestland fylke sitt transporttilbod for ungdom. Her fekk dei 50.000 kroner. No er det bestemt at pengane skal gå til skibuss til og frå Eikelandsfjorden i neste vekes vinterferie.

Tilbodet er for born og ungdom i alderen 12-19 år. For dei under 18 år er det foreldre eller føresette som må stå for påmelding. Tilbodet lyder på 50 kroner tur-retur.

Du må sjølv betala for heiskort. 

Om du treng å låna alpin-utstyr, minner kommunen om at dei har ein del ledig i sine to BUA-avdelingar i Os og Eikelandsfjorden. 

Det er sett opp buss tre dagar:

  • Tysdag 25. februar 2025 (vinterferie). Skibuss frå både Osøyro bussterminal og busstoppet ved Spar Fusa, i to separate bussar.
  • Torsdag 6. mars 2025 (kveldskøyring). Skibuss berre frå Fusa. 
  • Torsdag 20. mars 2025 (kveldskøyring). Skibuss berre frå Osøyro. 
Powered by Labrador CMS