Til Liafjellet: Milkissa Wodajo (t.v.) i lag med dei mange deltakarane på introduksjonsprogrammet som onsdag tok turen til Liafjellet.

Stadig fleire flyktningar set pris på fjellturane i Os

Heile 62 flyktningar var med på fjellturen til Liafjellet onsdag.

Vêret var ikkje all verda, men det stoppa ikkje turplanane til flyktningtenesta onsdag formiddag. Heller ikkje deltakarane såg ut til å stussa på turvêret.

— Det er ikkje alle som har budd så lenge i Bjørnafjorden enno, men noko av det første dei lærer er at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege kle, ler leiar i flyktningtenesta, Marita Hjelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å gå på tur er nytt for mange av dei som er med.

— Me har hatt ein del fjellturar med denne gjengen. I starten var det mange som gav seg halvveges. I dag hang alle med, fortel Hjelle.

Godt samhald

Fremst i følgjet gjekk Milkissa Wodajo. 41-åringen har jobba i flyktningtenesta i to år. Han fortel at medan skuleelevar har vinterferie, er det fullt opplegg for flyktningane som er med på introduksjonsprogrammet.

— Me i flyktningtenesta arrangerer vinterferieaktivitetar for deltakarane. Desse aktivitetane inkluderer undervisning om ulike tema, for eksempel det å skriva jobbsøknad med CV og øva seg til jobbintervju, fortel Wodajo.

Målet er å førebu deltakarane til å bli sjølvstendige, slik at dei kan koma seg ut i arbeidslivet når dei er ferdige med introduksjonsprogrammet.

Men onsdag var det altså tid for å koma seg ut av «klasserommet».

Nasjonane som var representerte på turen var Ukraina, Syria, Afghanistan, Kongo, Etiopia og Norge.

— Det var verkeleg ei glede å vera med deltakarane våre på denne turen. Det var godt samhald og ei morosam og sosial oppleving for alle involverte, slår Wodajo fast.