Huset vart totalskadd i brannen natt til torsdag.
Huset vart totalskadd i brannen natt til torsdag.

Startar etterforskinga i dag

Brannteknikarar frå Bergen politikammer og BKK skal idag på befaring på Søfteland etter brannen natt til i går.

Det er brannteknikarar frå Bergen politikammer som tek seg av etterforskinga på brannåstaden på Søfteland. Også BKK har eigne folk som blir med på befaring i dag. Målet er å finna årsaka til brannen natt til torsdag.

Saka vil verta vidare etterforska av Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var natt til torsdag at eit bustadhus i Lerkevegen på Søfteland brann ned til grunnen. Ingen vart skadd i brannen.