Jeanett Kallekleiv har fått ein god start med butikken sin i Tønjum-bygget, men ser likevel behov for å starta nettbutikk i tillegg.
Jeanett Kallekleiv har fått ein god start med butikken sin i Tønjum-bygget, men ser likevel behov for å starta nettbutikk i tillegg.

Startar nettbutikk for Borg Vêr

- I mine auge er ein nettbutikk heilt naudsynt for å nå ut til publikum, seier Jeanett Kallekleiv.

Fire månader etter at ho opna butikken på Osøyro er 23-åringen klar for å ta eit nytt steg i vidareutviklinga av Borg Vêr-eventyret.

- Dei første månadene her i Os har vore gode og lønsame, men på sikt må ein ha ein god nettbutikk. Det er berre slik det er blitt, konstaterer Jeanett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruker sosiale medium

Ho peikar på to store fordelar med å starta opp med nettbutikk.

- Det mest sjølvsagte er jo å auka den totale omsetninga og at ein får fleire bein og stå på. Men kanskje vel så viktig er effekten ein får av å marknadsføra butikken på nettet. I dagens samfunn er dette enormt viktig, seier ho.

Gode døme på det er når ho nyttar sosiale medium til å fremja ei salsvare.

- Til no har eg brukt Instagram ganske mykje, og det har vore svært nyttig. Når eg legg ut noko om ei ny vare der, så går det ikkje mange dagane før eg merkar det på etterspurnaden i butikken, seier Jeanett.

Ho er nett blitt medlem av Os næringsråd og Os sentrumsforening.

- Eg liker å engasjera meg og vera med i lokalmiljøet. Dessutan er det mange flinke folk her som eg kan læra mykje av, smiler Jeanett.

Funksjonell og stilig

Til ung jente å vera har Jeanett fått til svært mykje i løpet av det siste halve året, men sjølv om ho er sjølvstendig og held fast på at ho skal klara mykje sjølv, må også ho stundom vedgå at det finst ting ho treng hjelp til.

- Eg har innsett at eg treng hjelp til å laga nettbutikksida. Visuelt har eg klare formeiningar om korleis han skal vera, men får å få det heile funksjonelt og brukarvenleg må eg ha inn ein med litt kompetanse, seier Jeanett.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å unngå å bruka for mykje pengar har ho jakta litt etter ein webutviklar-student eller liknande.

- Eg har vore i kontakt med eit par, men eg veit ikkje om eg har funne heilt match endå. Det må vera ein eg kan skapa sida saman med og jobba godt i lag med, seier 23-åringen.

Vil opna fleire butikkar

For Jeanett har det aldri skorta på idear og visjonar. Faktisk har ho så mange draumar og store mål for hjartebarnet Borg Vêr at ho ikkje ein gong vågar å røpa dei for herverande journalist - endå mindre for osingane.

- Eg vil jo ikkje høyrast alt for ambisiøs ut heller, seier Jeanett og ler.

Men litt får me ut av ho.

- Jau, du kan få skriva at eg har eit mål om å opna ein eller fleire Borg Vêr-butikkar med tida. Nett kvar får tida visa.

- Tenkjer du Bergen?

- Ja, kanskje, eller ein annan vestlandsby. Eit by-sentrum er i alle høve mest sannsynleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Føler du at du har fått ut potensialet for butikken her i Os?

- Ja, til ein viss grad. Eg har mykje langtidsope og har på den måten gjort meg tilgjengeleg for svært mange kundegrupper, men eg er jo sårbar for dette med få parkeringsplassar eg som alle andre i som driv i sentrum.

- Men har utviklinga vore så bra som du håpa på då du starta i oktober i 2016?

- Ja, det går veldig fint, og eg har det kjempekjekt. Eg må få skryta av osingane, som eg føler verkeleg strekkjer seg for å handla lokalt framfor å reisa til andre stader, avsluttar Frøken Borg Vêr.