Skulebygget er godkjend av Fylkesmannen, og  i sommar vil det bli gjort noko vedlikehald og enkelte forbetringar av bygget. (Arkivfoto)
Skulebygget er godkjend av Fylkesmannen, og i sommar vil det bli gjort noko vedlikehald og enkelte forbetringar av bygget. (Arkivfoto)

Startar opp i august

Hålandsdalen Montessoriskule har alt personell på plass.

- Me er glade for å kunna fortelja at rektor, lærarar, montessoripedagogar og assistentar er på plass. Dei er alle klare til å ta i mot 50 forventningsfulle elevar til hausten , fortel arbeidsgruppa for skulen.

Gruppa opplyser at skulebygget er godkjend av Fylkesmannen, og at det i sommar vil bli gjort noko vedlikehald og enkelte forbetringar av bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er spesielt glade for kantinerommet som er under planlegging. Der vil elevane få servert lunsj kvar dag, fortel Anne Gramstad i arbeidsgruppa.

Ho opplyser at det fredag 3. juni blir informasjonsmøte på skulen for elevar og foreldre. Her vil ein få møta dei nye lærarane.

Skulen er open for elevar frå heile Fusa og andre kommunar, og Gramstad fortel at det framleis er ledige plassar.