Redningsaksjon: Ein hund har bjeffa i heile natt i området ved Haugsdalsvatnet på Kaland.

Avsluttar aksjon: I kontakt med par med hund på telttur

Politiet aksjonerte etter at vitne hadde høyrt bjeffing gjennom heile natta.

Politiet har i samråd med Hovudredningssentralen Sola avslutta redningsoppdraget pved Hauglandsvatnet på Kaland.

— Vi har vore i kontakt med eit par med hund på telttur. Dei er i god behald og det er ikkje grunn til ytterlegare bekymring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det melder politiet på Twitter kl.12.15.

Klokka 9.30 melde politiet at dei starta undersøking/redning i samband med at ein hund hadde bjeffa heile natta i terrenget ved Hauglandsvatnet på Kaland.

— Vi har per no ikkje fått melding om at nokon er sakna i området, og startar med å lokalisera hunden, skreiv politiet på Twitter.