For å beskytta: – Stenginga av leikeområda er sett i verk for å beskytta dei borna som skal vera i barnehagen, deira føresette og personalet.

Stengjer leikeområde ved alle barnehagar og skular

Kommunen går ut med melding til dei som er heime med born.

– For å førebygge smitte av koronavirus blir leikeområda ved alle barnehagar og skular i Bjørnafjorden kommune stengt frå måndag 16. mars. Stenginga gjeld heile døgnet, opplyser kommunen.

Dei einaste som kan bruka leikeplassane, er, ifølgje kommunen, born som får tilsyn i barnehagar og skular fordi foreldra er personell med samfunnskritiske funksjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Stenginga av leikeområda er sett i verk for å beskytta dei borna som skal vera i barnehagen, deira føresette og personalet, og for å unngå at fleire samlar seg på ein plass, forklarer kommunen som igjen minner om at dette er ein «nasjonal dugnad».