Stengd: Rådhuset er stengd for fysisk oppmøte.

Bjørnafjorden kommune tek grep for å hindra smittespreiing

Kommunale kontorbygg, kommunetorget på Osøyro og kommunetunet i Eikelandsosen er stengde for fysisk oppmøte.

Som følgje av smittesituasjonen er kommunale kontorbygg, kommunetorget på Osøyro og kommunetunet i Eikelandsosen stengd for fysisk oppmøte frå måndag 9. november til 23. november.

Kommunen opplyser at ein gjer dette for å hindra at mange tilsette oppheld seg på same stad og for å førebyggja smittespreiing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen er framleis å nå på telefon, epost og sosiale medium.