Stengjer ned: — Det er vanskeleg å driva SFO med 100 born utan moglegheit til å gå på toalettet eller å vaska hendene, seier Aarbakke.

Stengjer omgåande: Har send “hentemelding” til foreldre

Os barneskule er blant dei som er råka av nytt vassleidningsbrot.

Rektor Laila Aarbakke opplyser om at dei stengjer skulefritidsordninga (SFO) omgåande som følgje av vassleidningsbrotet fredag.

— Det er send ut melding til foreldre om at dei må henta. Vi slepp sjølvsagt ingen av garde utan at det er nokon her for å henta dei. Vi held det gåande til alle er henta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan fort bli problematisk å driva SFO vidare utan vatn. Utan høve til å nytta toalett eller å vaska hendene, blir det vanskeleg.

— At vi vel å stengja ned no, er klarert med fagsjefen, seier Aarbakke.

Fredag opplyste leiar for samferdsle og VA, Agnete Haugland til Os & Fusaposten, at det er oppdaga to nye vassleidningsbrot.

Kva som er årsaka til fire vassleidningsbrot i nærleiken av Os sentrum på kort tid, er førebels usikkert.

— Det kan vera følgjefeil. Det kan ha med tele å gjera, men dette er berre synsing. Per no, veit vi ikkje. Det er nett oppdaga, seier Haugland.