Vassrøyr: Det er oppdaga nye vassleidningsbrot i nærleiken av Os sentrum. Då er det fire totalt på ei veke. Bilete er frå tidlegare arbeid med vassrøyr.

Har oppdaga to nye vassleidningsbrot

Kva som er årsaka til fire vassleidningsbrot i nærleiken av Os sentrum på kort tid, er førebels usikkert.

— Det kan vera følgjefeil. Det kan ha med tele å gjera, men dette er berre synsing. Per no, veit vi ikkje. Det er nett oppdaga, fortel leiar for samferdsle og VA, Agnete Haugland.

Det skal vera snakk om vassleidningsbrot i området kring Os barneskule og ved Kvernaelva. Heilt eksakt, veit dei ikkje per no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Teknisk vakt, Robert Flister, fortel at det no blir gjort ein jobb med å kartleggja kor mange som er utan vatn.

— Bergen Vann ser på det. Vi må få omdirigert vatn, slik at alle får vatn. Det kjem nok til å bli send ut kokevarsel etter kvart, fortel Flister.

Tidlegare denne veka blei det oppdaga eitt vassleidningsbrot i Midtskogvegen og eitt under Byvegen, eit steinkast frå Os Elektro.

Det medførte vegstenging og graving på Byvegen, og i Midtskogvegen.