Leiar av trafikkutvalet i Os, Gustav Bahus, og ordførar Marie Bruarøy meiner Os sentrum vil bli ein langt tryggare plass for mjuke trafikantar når dei stengjer sentrumsgatene for el-bilar.
Leiar av trafikkutvalet i Os, Gustav Bahus, og ordførar Marie Bruarøy meiner Os sentrum vil bli ein langt tryggare plass for mjuke trafikantar når dei stengjer sentrumsgatene for el-bilar.

Stengjer sentrum for el-bilar

Som følgje av fleire farlege situasjonar, vel Os kommune å stengja sentrum for el-bilar.

Då Os kommune for eit par år sidan planla opprustinga av sentrum, valde dei å gå for ei såkalla «shared space»-løysing der gåande og bilistar broderleg deler på plassen i sentrumsgatene.

Med støyande bensin- og dieselbilar har dette fungert heilt fint. Problemet har vore dei nærast lydlause el-bilane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har hatt fleire stygge nesten-ulukker der svakhøyrde, eldre kvinner og menn nærast er blitt overkøyrd av desse små stikk-kontakt-bilane. Slik kan me rett og slett ikkje ha det, konstaterer leiar i Parkeringsutvalet i Os sentrum, Gustav Bahus.

Frp-politikaren køyrer sjølv ein stor, dieseldriven pickup, og meiner desse bilane er dei som er best eigna for bruk i sentrum.

– Eg er i alle høve garantert at folk høyrer meg når eg kjem rullande. Særleg om eg køyrer fort, eller rusar motoren litt, poengterer Gustaven.

Tyngre køyrety, gjerne dieseldrivne, er langt tryggare i sentrum. - Dette er bilar ein høyrer og kan flytta seg for, seier Marie Bruarøy og Gustav Bahus.
Tyngre køyrety, gjerne dieseldrivne, er langt tryggare i sentrum. - Dette er bilar ein høyrer og kan flytta seg for, seier Marie Bruarøy og Gustav Bahus.

Mista nesten hatten

Ordførar Marie Bruarøy ser at saka kan opplevast som lite miljøvenleg, og at det kan synast som om Os kommune med eit slikt vedtak er noko i utakt med resten av samfunnet når det kjem til miljøaspektet.

– Tryggleik må gå framfor miljø. Me har brukt mykje pengar på sentrumsmøblering nettopp for å tryggja ferdsla til dei gåande. Då er det trist å sjå at lydlause el-bilar, som nærast snik seg rundt hjørnene, likevel skapar farlege situasjonar. Her for litt sidan såg eg ein eldre mann som skvatt så veldig at han måtte retta på hatten, fortel Bruarøy.

Gustav Bahus har vore vitne til liknande episodar.

– Eg såg ein el-bil-eigar som lada bilen sin like ved torget. Leidninga var like ved å setja fot på ein gåande som gjekk og bar på ein baguette, seier Bahusen.

Billigare parkering i p-huset

Bruarøy og Bahus presiserer at dei uanset vil leggja til rette for at brukarar av straum-drivne bilar skal kunna køyra til og frå sentrum når dei har ærend der.

Artikkelen held fram under annonsen.

– El-bil-eigarane vil få redusert pris på parkering i det komande parkeringshuset i sentrum. I tillegg tenkte me å tilby gratis lading av bilen den første halvtimen, seier Bruarøy og Bahus.

Bakvendtlandet Os

Kommunestyrerepresentant for Miljøpartiet De Grønne Nils-Anders Nøttseter meiner vedtaket får Os kommune til å framstå som eit bakvendtland i det me skriv året 2018.

– Eg kan ikkje anna enn å bruka eit engelsk uttrykk - wake up and smell the flowers. Det burde få både Harald Lekven og Gustav Bahus til å tenkja seg om - han første er folkevald for landbrukspartiet og han siste har vore i Afrika og drive bistandsarbeid om korleis ein skal dyrka roser, seier Nøttseter og held fram:

– Eg tenkjer tvert imot at me ikkje gjekk langt nok i prosjekt «Liv på Øyro». No har vi laga oss ein steinørken i sentrum, kanskje vi heller skulle hatt dyrkbar mark og bikuber, det er den vegen dei framsynte metropolane går. Eg trur ikkje ordet «Liv» i prosjektmandatet var avgrensa til menneske, og i alle fall ikkje avgrensa til fossilbilistar, sukkar Nøttseter.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no