Stille kveld og natt i Os og Fusa

Med unntak av ein pipebrann og eit lite basketak var det ein stille kveld og natt i Os og Fusa.

Operasjonsleiar ved politidistrikt Vest fann lite på loggen sin for episodar i Os og Fusa då Os og Fusaposten tok ein telefon i dag morges. Unntaket var ein pipebrann i Seglet og ein liten episode med slåsting.

- Brannvesenet var ute på ein pipebrann i Steglet i 20-tida i går kveld. Slik eg forstår det av loggen var det ikkje dramatisk og brannvesenet fekk kjapt sløkt flammane og fekk kontroll på situasjonen, seier operasjonsleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilløpet til slåsting fann stad midt i Os sentrum i 03.53-tida.

- Då kom politiet over to karar - ein i 20-åra og ein i 30-åra - som lå på bakken og såg ut til å vera i ferd med å avslutta eit basketak. Begge fekk melding om å forlata Os sentrum, noko det ut i frå loggen ser ut til at dei etterkom, fortel operasjonsleiaren.

- I Fusa då?

- I Fusa var det stilt heile kvelden og natta, avsluttar politikvinna med loggen.