Blei stansa ved tunnel: Politiet stoppa ein MC grunna støy.

Stoppa motorsykkel grunna støy. Fekk køyreforbod

Laurdag ettermiddag blei ein MC stoppa og kontrollert like utanfor Skogafjellstunnelen.

Støy var årsaka til at politiet stoppa motorsykkelen. Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

— Sykkelen mangla støydempar, skriv Lyssand i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blei skriven ut mangellapp og køyreforbod til føraren, ein mannen i 20-åra.

Ung jente køyrd til legevakt

Klokka 03.31 søndag blei ei ung jente observert ved Os Lakk og karosseri.

— Politiet drog til staden og fekk kontakt med ei ung, rusa jente. Ho blei køyrd til legevakta for sjekk. Verje blei varsla og jenta blei henta heim, skriv Lyssand.