Store mengder vatn rann inn i Os sentrum. Trengde inn i restaurant.
Brannvesenet pumpa vatn ut av restauranten.
110 Brann melde torsdag morgon om eit vassleidningsbrot i Os sentrum.
Det var snakk om større mengder vatn. Vassleidningsbrotet skjedde like utanfor Lucianos i Byvegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her hadde vatnet trengd inn i restauranten.
Brannvesenet var på plass like før kl 6 og starta arbeidet med å pumpa ut vatnet.
Brannsjef Espen Storum opplyste at det var snakk om nokre centimeter med vatn i restauranten.
Bjørnafjorden kommune stadfestar at vassleidningsbrotet oppstod i Byvegen.
– Vi vil arbeida så raskt vi kan for å gje deg vatnet tilbake, skreiv kommunen i ein sms tidleg torsdag morgon.
Etter utbetringa kan vatnet vera misfarga, og folk vert beden om å tappa med kaldt vatn til det er klart.
Teknisk vakt fekk første melding kl 05.15. Kring kl 6 hadde alle abonnentar som er råka, fått sms.
Leiar for samferdsle og VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland, opplyste at dei hadde sendt ut røyrleggjar for å stengja ned vatnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Haugland opplyste samstundes at saltebil var på veg. Ho oppmoda om å køyra forsiktig i området. Det hadde runne store mengder vatn i vegbanen som kunne ha frose.
– Sjølve lekkasjen er no stoppa. Det nærmar seg tilbakestilling. Bergen vann jobbar med å gje abonnentane vatnet tilbake. Dei rekna med det kunne ta kring ein time, fortalde Storum kring kl 06.15.
Storum omtala det som ei 'lita elv' frå Lucianos og innover Bydraget mot Fana Sparebank. Men brannvesenet hadde ikkje observert at andre butikkar eller lokale hadde fått vatn inn.
– Slukane ser ut til å ha tatt unna vatnet, konstaterte Storum.
Når sjølve lekkasjen var stoppa, starta jobben med å gje abonnentane vatnet tilbake.
– Det tek forhåpentligvis ikkje veldig lang tid før dei første kan få vatnet tilbake, opplyste Haugland til Os & Fusaposten like over kl 6.