Tiltak: – Heile restauranten er berørt. Me held på med skadeavgrensande tiltak i lokalet

Nytt vassleidningsbrot. Har jobba med å suga opp vatn frå restaurant

Har fått stengd vatnet til leidninga der brotet er.

Kommunen opplyser fredag morgon om eit nytt vassleidningsbrot i Os sentrum.

– Vi har eit vassleidningsbrot i Os sentrum, og har stengd av vatnet. Vi jobbar med utbetring. Når vatnet kjem attende, kan det vera misfarga. Tapp då med kaldt til det er klart, skriv kommunen på sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

110 Vest opplyser at brannvesen og politi har vore på plass ved pizzarestauranten Lucianos i sentrum, like nedanfor Stegen. Dei kom til staden like over kl 5.

Trengt inn: Det har vore store mengder vatnet i vegbanen på eit tidspunkt og også inne på Lucianos hadde vatnet trengt inn.

Utrykkingsleiar i brannvesenet, Tobias Simon Kristensen opplyste til Os & Fusaposten like over kl 7 at dei hadde fått stengd vatnet til leidningen som lek.

Det har vore store mengder vatnet i vegbanen på eit tidspunkt og også inne på Lucianos hadde vatnet trengt inn.

– Heile restauranten er berørt. Me held på med skadeavgrensande tiltak i lokalet, og me jobbar med å suga opp vatnet frå lokala, fortalde Kristensen fredag morgon.

På plass: Bergen Vann er også på staden.

Dei skal på eit tidspunkt ha måtta stengja vegen på grunn av vatnet.

– Vegen var stengd i eitt felt, men etter ei stund gjekk trafikken som vanleg att. Me har fått god hjelp av saltebil som har salta godt i området, etter at vatnet som lek ut, fraus til is. Vasslekkasje og minus 13 grader er ei utfordring, konstaterer utrykkingsleiar.

Bergen Vann har også vore på staden og jobbar med utbetring av skaden på vassleidningen.

Dette er eitt av fleire vassleidningsbrot i sentrum den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
To akutte vassleidningsbrot i sentrum. Fleire manglar vatn
Les også
Har oppdaga to nye vassleidningsbrot
Les også
Har lokalisert brota: — Truleg må ein inn under asfalten her
Les også
Kjem til å jobba gjennom natta: — Asfalten er svært tjukk, så her nyttar det ikkje å bruka sag