Ein mann på 28 år er tatt etter innbrot i Bjørnafjorden kommune. (Illustrasjonsfoto)

Store verdiar er komne til rette: Mann tatt for innbrot

Politiet opplyser om at ein 28 år gamal mann er tatt for innbrot i Bjørnafjorden kommune.

Politioverbetjent Anne Lyssand vil ikkje seia noko om kva for innbrot det er snakk om. Den siste tida har det vore mange innbrot i Os-området. No er minst eitt av desse oppklart.

Les også
Nytt innbrot - politiet undersøkjer mogleg samanheng

— Har mannen tilstått?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det kjem ikkje fram av loggen. Det eg kan seia, er at i den eine saka har vi fått opplysningar som har medført oppklaring. Det er store verdiar som er komne til rette. Gjerningsmannen er ikkje frå Os, seier Lyssand.

Les også
– Nei, Os har ikkje vorte heilt Chicago

— Kan denne mannen koplast til fleire innbrot i bygda?

— Det står framleis att ein del etterforsking sjølv om saka er oppklart og fornærma er varsla. Eg kan ikkje på noverande tidspunkt seia noko om mannen kan han hatt hjelp eller kor mange innbrot han kan vera involvert i. Det må vi koma attende til seinare.

Les også
UP-kontroll på Halhjemsvegen og fleire meldingar om innbrot

Måndag kveld fekk politiet melding om kring ti motorsyklar som kom køyrande ved Ulven Leir frå Lysefjorden. Meldar skal ha sett ein av dei køyra på bakhjulet.

— Det er uklart om fleire gjorde det. Patruljen rykte ut og fann dei etter kvart på Esso-stasjonen. Dei fekk munnleg åtvaring.