Finpuss: Hazim, Abuub, Noah og Hussein klare for siste finpuss før festdagen.

Storinnrykk på Bakacuts frisør dagen før dagen

Det stod lang kø utanfor frisøren tysdag morgon. — I fjor hadde me sikkert 50 kundar på denne dagen, seier frisør Bakir Abbas.

Om frisøren skal koma for seint på jobb, er det i alle fall ikkje på ein dag som denne, men det gjorde Bakir Abbas og kollegaen. Om enn berre fem minutt.

I mellomtida hadde det samla seg ein solid skare med kundar utanfor frisørsalongen vegg i vegg med Kali Hud og Helseterapi i Os sentrum. Då frisørane kom, stod dei 12-13 kundane og jubla mennene med saksa inn døra.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dette er dagen før id. For oss er det ei stor høgtid. Det er som jula for dykk, seier gjengen Os & Fusaposten pratar med.

— Då skal ein pynta seg?

— Ja, det er tradisjon. Alle må vera nyklipte og fin til id. Sånn er det berre, slår kvartetten som lokalavisa pratar med.

Id markerer slutten på fasta for muslimane og betyr rett og slett festen som bryt fasta.

— I våre gamle heimland vert dette feira mange dagar i strekk. Her i Noreg er det stort sett éin dag festen vert markert, og det er i morgon, onsdag, fortel kvartetten.

Lang dag

Ansvarleg i Bakacuts frisør, Bakir Abbas, var budd på ein lang dag på jobb tysdag.

— Det bruker å vera rimeleg travelt, ja. I fjor hadde me sikkert 50 kundar dagen før id-markeringa, fortel Abbas.

Han har jobba ved frisørsalongen i Os i seks år.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Når køen står utanfor døra alt klokka 10, trur du de rekk over alle som vil ha klippen sin i dag?

— Det skal me klara. På slike dagar er det berre å ha ope til alle har fått koma til og køen er borte, smiler Abbas.