Marius Bergesen fekk hjelp av kjærasten Andrine Døsen til å setja opp den store nissefaren i hagen i Våghaugen. - Det gjekk fort. Med alt utstyr som følgde med tok det berre to minutt, forklarar paret.
Marius Bergesen fekk hjelp av kjærasten Andrine Døsen til å setja opp den store nissefaren i hagen i Våghaugen. - Det gjekk fort. Med alt utstyr som følgde med tok det berre to minutt, forklarar paret.

Stornissen vaker over Vågshaugen

Marius ville ha den største nissen i Os. Mamma Hege fekk sjokk då ho såg den fem meter høge raude kolossen.

Marius Bergesen er ein type som tenkjer: Skal det vera, så skal det vera. Denne jula viser han det til fulle med sin gigantiske julenisse som no står og vaker over Vågshaugen.

– Er det slik at storleiken tel, Marius?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det er klart. Eg skulle ha den største julenissen her i Vågshaugen. Med denne kameraten her, har eg sikkert den største i Os også, ler 22-åringen.

I lag med kjærasten Andrine Døsen heiv han opp julenissen for ei veke sidan. Etter det har nissefar fått mange vink og helsingar frå folk som har gått forbi nede i gata.

Måtte saga tujaen

Den oppblåsbare gigantnissen er fem meter høg og 2,5 m brei. For å halda han oppe, og «i live» må han forast med frisk oksygen frå ei 230 volts luftpumpe som pumpar kontinuerleg.

Marius og Andrine håper fleire følgjer etter og satsar på ein skikkeleg nisseepedemi i Vågshaugen. - Må jo gjera litt morosamt når det er jul, smiler dei to.
Marius og Andrine håper fleire følgjer etter og satsar på ein skikkeleg nisseepedemi i Vågshaugen. - Må jo gjera litt morosamt når det er jul, smiler dei to.

– Han er eigentleg ganske smart heile løysinga. Nissen held seg oppblåst og fin heile tida, fortel nissefars skapar.

– Er alle like begeistra?

– Ja, eller mamma vart litt sur då ho såg at eg hadde saga ned ein tujabusk for å få plass til han, men ho fekk seg også ein god latter, og likte han godt etter å ha vant seg til det.

Konkurransen er i gang

Den gedigne nissen kosta han nokre store lappar, men Marius føler det var verd det.

– Eg har fått mange kommentarar. Enkelte har også prata om å få seg ein lik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva gjer du då?

– Då må eg jo berre kjøpa ein endå større. Eg har sett dei har opp til ti meter høge på nettet, men det må bli til neste jul.

– Då spørst det vel om han ikkje fyk av garde i vinden?

– Tja, det kan du seia. Denne står i alle høve godt. Eg har stroppa han fast i terrassen bak, så her skal nissefar få stå til godt over nyttår, avsluttar Marius.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no