Hurtigbåten har stoppa ved mannen som skal vera i naud.
Hurtigbåten har stoppa ved mannen som skal vera i naud.

«Surfar i naud» var mann på seglbrett utan vind i Os hamn

Seglaren vart hjelpt i land av ein dykkarbåt.

Om lag klokka 14.30 fekk naudetatane melding frå bekymra augnevitner på land om ein mann som låg i sjøen eit stykke utanfor moloen i Os hamn.

Hovudredningssentralen sende ut melding på SAR-kanalen (naudnettet), akkurat i det hurtigbåten Rygerfjord fekk auge på mannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes rykte mannskap frå Os brann og redning ut, men dei kom aldri lenger enn til moloen.

– Seglaren opplyste til personell ombord på Rygerfjord at han ikkje hadde trøbbel, men at manglande vind gjorde at han ikkje kom seg nokon stad, fortel varabrannsjef Erik Walden.

Mannen avslo å bli med hurtigbåten til land, men fekk like etter skyss av ein dykkarbåt frå IMC Diving.

– Mannen viste seg å ikkje vera i naud, men vi er glade for at folk på land varsla naudetatane. Dei såg at han låg i sjøen, og då kan det vera behov for rask hjelp, seier Walden.

anne-marie@osogfusa.no