Skyss, lågentrébuss, lågentrebuss
Dette er ein såkalla lågentré buss som ikkje har bagasjerom under.

Svarar urolege koffert-reisande før ferien

Skyss har teke grep.

Publisert Sist oppdatert

Det kom mange reaksjonar då Os & Fusaposten i fjor sommar skreiv om kvinna som ikkje fekk ha med seg koffert på bussen frå Eikelandsosen til Bergen.

Seinare på hausten skreiv me nok ei sak om temaet. Den gongen som følgje av ein engasjert og opptrekt innbyggjar på Baldersheim.

Skyss svara at dei ville sjå på saka, og at dei ville gjera tilpassingar.

— Det er lov

Pressekontakt i Skyss, Øyvind Strømmen.

I det me går inn i ein ny sommar har Os & Fusaposten fått melding frå ein innbyggjar på Hatvik som lurer på kvar saka står. Vedkomande er usikker på om ho vågar å satsa på å ta bussen når ho skal reisa med koffert denne sommaren.

Pressekontakt Øyvind Strømmen svarer slik:

– Me sa me skulle gjera tilpassingar på lågentré-bussane som det her er snakk om. Desse bussane har ikkje bagasjeplass under. No er det gjort utbetringar kring sikringa av bagasjen, så i utgangspunktet er det heilt greit å ta med koffert også på desse bussane, seier Strømmen.

– Ligg det eit 'men' i lufta?

– Ja, og det handlar om plass i bussen. Som regel vil det vera nok plass, men skulle det oppstå kapasitetsproblem i fleksirommet i midten av bussen, er det eigne reglar for dette, seier Strømmen og minnar om den prioriterte rekkjefølgja ved slike høve.

– Først skal dei med rullestol prioriterast, så dei med barnevogn, og så bagasje.

Kvifor lågentré-bussar?

I samband med koffert-sakene til Os & Fusaposten, måtte Skyss svara på kvifor dei nyttar bussar med mindre lasteplass på ruter i distrikta.

– I Vestland har vi av omsyn til tilgjengeligheit, erstatta ein del normalgolvsbussar med trappeinnsteg med såkalla lågentrebussar som har trappefritt innsteg. Dette gjer bussane lettare å nytta både for rullestolbrukarar, for andre som er mindre førlege og for reisande med barnevogn. Samstundes har desse bussane ikkje dedikerte bagasjerom under bussen. Dette gjeld uavhengig av drivmiddel, og er altså ikkje knytt til at bussane er elektriske. Det er ei kjensgjerning at dette betyr at lågentrébussar ikkje har same bagasjekapasitet som bussar med dedikerte bagasjerom, svara Strømmen den gongen.

No kan han altså roa mange av dei reisande med at dei har teke grep.

– I dei fleste lågentré-bussane er det no mogleg å sikra last i fleksirommet. Følgjeleg skal ein kunna ta med koffert, så lenge det er plass, konstaterer Strømmen.

Powered by Labrador CMS