Vegarbeid. Skilt.
Vegarbeid. Skilt.

Svegatjønn-Rådal kan dra ut etter steinstopp

Bergen kommunes nei til dumping av steinmasser i Liavatnet på Laksevåg, kan få konsekvensar for framdrifta på nye E39 mellom Os og Bergen.

Onsdag kom meldinga om at byutviklingsbyråd Henning Warloe trekkjer attende løyvet til å deponera steinmasser frå byggjinga av nye E39 mellom Os og Bergen, eller Svegatjønn-Rådal, i Liavatnet på Laksevåg.

Statens vegvesen seier at vedtaket kan få konsekvensar for framdrifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, dersom vi ikkje finn alternativ deponering og byutviklingsbyråd Henning Warloe står fast på sitt nei, så kan det det, seier prosjektleiar i Statens vegvesen for Svegatjønn-Rådal, Sverre Ottesen.

Han legg til at vedtaket framleis er så ferskt at det er vanskeleg å vita kva det vil innebæra. Difor ser han fram til eit snarleg møte med Bergen kommune.

- Henning Warloe seier til Bergens Tidende at han har andre alternativ på lur, så vi er jo sjølvsagt spente på å høyra meir om det.

Fyrste spadetaket

Noko umiddelbar forseinking av oppstarten vil vedtaket likevel ikkje føra til.

3. september vert det fyrste spadetaket teke. Ei veke seinare skal arbeidet vera i gang for fullt.

- Ja, inntil vidare blir det oppstart uansett. Vi treng ikkje deponiet dei par fyrste månadene, men når det nærmar seg jul må det vera på plass om framdrifta skal halda, seier han.