Stoppa i Borgavegen: Svein Jæger køyrde på Borgavegen i retning Nordmarka, då han såg politiet koma med blålys og sirener.

Svein reagerer på behandlinga frå politiet: — Det var som om eg var ein storkjeltring

Svein Jæger var på veg til svigermora med ved då politiet stoppa han. Det var starten på ei keisam oppleving for han.

— Eg hadde kome hit då eg såg blålysa koma opp bak meg. Eg blei vinka inn til sida, fortel Svein Jæger.

Os & Fusaposten har vore i kontakt med Bjørnafjorden lensmannskontor, ved politioverbetjent Atle Birkeland. Han viser vidare til Felles straffesaksinntak (FSI) — då det er dei som jobbar med saka. Etter gjentekne forsøk, har vi førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar. Saka kjem til å bli følgd opp når avisa får svar frå FSI.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jæger står i Borgavegen, ved fossen. Onsdag 20. mai om kvelden køyrde Jæger frå Storum. Han fortel at han skulle til svigermora med ved, som han hadde lagt i bilen i to 100-liters tønner.

— Det første dei spurte meg om, var sertifikat og vognkort. Det fekk dei sjølvsagt. Etter dette, sa dei at eg hadde køyrd merkeleg. Dei tok promillekontroll på meg. Den var grei — sjølvsagt. Etter dette fekk eg beskjed om at bilen var alvorleg overlasta, så vi måtte reisa opp til Vallabru og vega bilen der, seier Jæger.

Det skal ha vist seg at bilen ikkje var overlasta. Jæger hevdar at bilen var langt frå overlasta. Han reagerer også på at han ikkje fekk sjå kva som stod på vekta. Det skal berre ha blitt opplyst at han hadde 100 kg å gå på.

— Dei gjekk også gjennom bilen min som om eg var ein stor-kjeltring. Lyste med lommelykt gjennom heile bilen, seier Jæger og held fram:

— Så blei eg spurd om eg hadde hatt bilen på EU-kontroll. Hadde eg ikkje hatt det, ville eg ikkje hatt skilt på bilen, seier Jæger.

Bakluka på bilen hadde Jæger bunden fast med tau, då luka ikkje gjekk att. Ein av dei to politibetjentane på staden, skal ha gitt beskjed om at luka måtte lukkast.

— Eg var stressa. Det er ikkje kvar dag at ein blir stoppa av politiet, med blålys og sirener. Eg prøvde å smella igjen bakluka, som då knuste. Det kosta meg nokre tusen kroner å få fiksa det, seier Jæger.

På staden fekk han opplyst at han kjem til å få eit forenkla førelegg. Jæger fortel at det skulle han få for ikkje å ha sikra lasten i bilen tilstrekkeleg. Bota let førebels venta på seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Politiet reagerte på at det var stabla ved bak meg, opp til om lag midt på nakkestøtta. Politibetjenten kom med utsegn som kva om eg hadde frontkollidert med nokon i 80 km/t, og veden låg stabla som det der. Nei, då hadde eg vore ferdig uansett. Vedkubbar eller ei. For meg verka det som om at då dei ikkje klarte å ta meg på noko anna, så fekk eg bot fordi eg ikkje hadde sikra lasta tilstrekkeleg, seier Jæger.