Gjerdeflørt: Dei to dvergpapegøyane såg ut til å vera i ein god og varm samtale på gjerdet på Halhjem.

Sydlandsk stemning på Halhjem fredag ettermiddag

Fredag ettermiddag vart det meldt om eit par dvergpapegøyar som kulte ´an på eit gjerde i Halhjemsmarka.

Merethe Lunde la fredag ettermiddag ut dette biletet på Oppslagstavlo i Os si Facebook-side. Ho hadde sett dei på eit gjerde i Halhjemsmarka, ein plass ein normalt ikkje reknar med å sjå husdyr av denne typen.

I kommentarfeltet under vart det kjapt slått fast at det ikkje var snakk om to dvergpapegøyar, ikkje to kanarifuglar som meldinga fyrst gjekk på. Like fullt var dei fleste samd i at fuglane truleg ikkje hadde fått lov til å fly seg ein tur åleine..

Artikkelen held fram under annonsen.

Os & Fusaposten tek imot tips i saka, om ikkje eigaren alt har fått dvergpapegøyane trygt attende i hus.