Vegard Fosså, Marthe Samnøen og Marte Ekeberg Klippen utgjer halvparten av ungdomane i det nye ungdomsrådet i Fusa. Trioen håpar arbeidet til ungdomsrådet gjer det enklare å få gjennomslag for saker som ungdom er opptekne av.
Vegard Fosså, Marthe Samnøen og Marte Ekeberg Klippen utgjer halvparten av ungdomane i det nye ungdomsrådet i Fusa. Trioen håpar arbeidet til ungdomsrådet gjer det enklare å få gjennomslag for saker som ungdom er opptekne av.

Talerøyr for ungdom i Fusa

Medlemene av Fusa ungdomsråd synest det er stas å tala ungdomane si sak. For kort tid sidan vart delar av mannskapet bytt ut.

- Å vera medlem av ungdomsrådet gjev oss eit godt innblikk i kommunepolitikken i Fusa, seier Vegard Fosså.

Han er nyvalt nestleiar i rådet, og saman med to av dei andre medlemene, Marte Ekeberg Klippen og Marthe Samnøen, ser han fram til oppgåvene som ventar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det vert kjekt å få høve til å seia noko om kva ungdomen i Fusa meiner kommunen bør bruka pengar på, seier Samnøen.

Smart ordning

Ungdomsrådet er ei rådgjevande gruppe. Rådet består av til saman sju medlemer, seks ungdomar og éin reprsentant frå Fusa kommunestyre.

Klippen og Torbjørn Fosså representerer Fusa ungdomsskule, Samnøen og Vegard Fosså Fusa vidaregåande skule, medan leiar Sindre Rolland og Kim André Nielsen Trengereid er frie representantar.

- Eg er interessert i korleis ungdomsrådet fungerer og kva saker vi får lov til å uttala oss om. Det er kjekt å prøva noko nytt, meiner Klippen, som var varamedlem i ungdomsrådet i fjor.

29. september hadde ungdomsrådet sitt første møte i haust. I tillegg til å velja nytt ungdomsråd, stod viktige saker som kommuneplanens arealdel, mottak og busetjing av flyktningar og rullering av traffiksikringsplanen på sakskartet. Det var nesten 500 sider med sakspapir.

Ungdomane er samde om at det er smart med eit ungdomsråd i kommunen.

- Det er vanskeleg for vaksne å diskutera saker som angår ungdom dersom dei ikkje veit kva ungdomane vil, seier Samnøen.

- Har de inntrykk av at de vert høyrde?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja. Uttalene våre vert skrivne ned, og tekne med vidare, seier Klippen.

- Mykje prat

Øvst på lista over saker som er viktige for ungdom i Fusa, står fleirbrukshallen i Eikelandsosen. Om kort tid startar etter planen byggjearbeidet.

- Fleirbrukshallen har vore ei kampsak for Ungdomsrådet i lang tid, fortel Fosså.

Ei anna viktig sak, er kollektivtransport.

- Med fleire avgangar på bussane, hadde vi sloppe å verta køyrde over alt, seier Klippen.

For å ha ei viss kontinuitet i ungdomsrådet, er det vanleg at ungdomane vert sitjande i minst to år. Mange av medlemene har erfaring frå elevrådsarbeid.

- Det er interessant å diskutera litt andre ting enn skule, meiner Samnøen.

Ho får støtte frå Fosså, som håpar at han, i tida si i ungdomsrådet, får høve til å følgja ei sak frå start til mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan bli litt mykje prat inni mellom, meiner han.