Hurtigtestar: Teststasjonen i Røde Kors-huset i Kolskogheiane er ein av fleire stader du kan henta gratis hurtigtest.

Tek grep: – Dersom vi vil ha smittetala ned, må vi leggja til rette for at folk testar seg

Frå og med fredag kan du henta gratis hurtigtest endå fleire stader i kommunen.

– For å få bukt med dei stigande smittetala rundt oss, samstundes som vi skal halda hjula i gang, er det veldig viktig at vi gjer hurtigtestar lett tilgjengelege for folk med symptom eller som er nærkontakt til påviste smittetilfelle, seier ordførar Trine Lindborg til kommunen sine heimesider.

Les også
Kommunen tilrår bruk av munnbind igjen

Ordføraren har bede kommuneoverlegen og beredskapsrådgjevar i kommunen om å ta kontakt med aktuelle stader rundt om i kommunen for å sikra enklast mogleg tilgang på gratis hurtigtestar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er svært takksam for alle kommunale og private aktørar som stiller opp for fellesskapet ved å vera utdelingsstad for hurtigtestar, seier Lindbog som håpar og trur dette vil gjera det enklare å få tak i test utanom opningstidene på teststasjonane og legekontora.

Her får du gratis hurtigtest

Alle legekontor i kommunen

På teststasjonane

Teststasjonen i Røde Kors-huset i Kolskogheiane

Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen,

Frå og med fredag kan du i tillegg få utdelt gratis hurtigtest til heimebruk ved følgjande stader i opningstida:

Kommunetorget rådhuset

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudbiblioteket i Os og filialen i Eikelandsosen

Fusa symjehall

Framo Aktiv på Venjaneset

Oseana kunst- og kultursenter

Baldersheim helsetun

NB: Ordinær legevakt har ikkje hurtigtestar til utdeling.

– Dersom du har symptom, kan du ta på munnbind for å henta hurtigtest. Eventuelt kan du be nokon utan symptom om å henta for deg. Friske skal ikkje henta hurtigtest, med mindre dei er uvaksinerte nærkontaktar til påviste smittetilfelle, presiserer kommunen.