Bruk av munnbind: Det er ikkje lenge sidan alle gjekk slik på butikk, på buss og i handlesenter. No vert me tilrådde å gjera det igjen.

Kommunen tilrår bruk av munnbind igjen

Onsdag ettermiddag gjorde kommuneoverlege Klaus Melf det klart at Bjørnafjorden kommune igjen tilrår bruk av munnbind.

«Bergen og fleire av omegnskommunane våre har høge smittetal for tida. Trenden i Bjørnafjorden er òg stigande», står det å lesa på kommunens heimesider onsdag ettermiddag.

Les også
Tek grep: – Dersom vi vil ha smittetala ned, må vi leggja til rette for at folk testar seg

Klaus Melf kommenterer saka slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er berre eit tidsspørsmål før me ser endå høgare smittetal i vår kommune. Difor er det så viktig at me alle saman gjer det me kan for å bremsa og stansa utviklinga, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Kommunal kriseleiing vedtok onsdag ei anbefaling om bruk av munnbind der du ikkje kan halda minimum ein meters avstand, det vil seia på kollektivtransport, kjøpesenter, butikkar, arrangement og andre stader kor det kan vere trongt om plassen. Det er òg innført bruk av munnbind for besøkande til sjukeheimane i Bjørnafjorden.

Les også
– Må sjølv bestilla time for tredje dose med korona-vaksine
Les også
Nye koronatiltak: Tredje vaksine til alle vaksne og bruk av koronapass innanlands