Tor Egil Hylland tek no sjølv over styringa av Osfest fram til alle kreditorane har fått sitt.
Tor Egil Hylland tek no sjølv over styringa av Osfest fram til alle kreditorane har fått sitt.

Tek over som dagleg leiar

Tor Egil Hylland beklagar Berg-Olsens avgang, og trer sjølv inn som dagleg leiar.

Dei to starta Osfest i lag, og Hylland skulle gjerne sett at Berg-Olsen hadde blitt verande til Osfest AS hadde kome heilt i mål med kreditorane sine.

For tidleg med nytt styre

- Slik eg hadde oppfatta meldinga frå Ole, ville han bli verande til denne jobben var gjort. Eg hadde difor venta at han såg prosessen heilt i mål, i staden for berre å forlata styret og la meg sitja åleine att med ansvaret, seier styreleiar Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Berg-Olsen seier at ein stort sett er i mål med kreditorane, og at grovarbeidet er gjort?

- Han er inne på noko der, men me er ikkje heilt i mål. Eg har jobba dag og natt no i halvannan månad for å få på plass avtalar med kreditorane, og no er me i mål med ca. 70 prosent av dei. Målsetjinga er at alle skal få pengane sine. Om me når fram med det, er ei anna sak, seier Hylland.

- Vil du no få inn andre personar som kan sitja i styret for Osfest?

- Eg føler ikkje at det naturleg å setja saman noko nytt styre no før denne prosessen som me står midt oppe i, er overstått. Det blir rart å ansvarleggjera eit nytt styre før me har rydda opp i dette, seier Hylland.

Han seier at han sjølv kjem til å tre inn i rolla som dagleg leiar i overgangsfasen.

Avviser kritikken

Ole Reinert Berg-Olsen får framlagt kritikken frå Hylland.

- Hylland er blitt tilstrekkeleg varsla om at eg skulle trekkja meg. Eg har tru på at Hylland gjer ein veldig god jobb. Ut over det har eg ikkje lyst å kommentera kritikken, seier Berg-Olsen.

- Burde du ha blitt verande til heile prosessen var overstått?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sist eg snakka med han bad han om arbeidsro, og det respekterer eg, seier Berg-Olsen.

Ein kreditor om gongen

Hylland fortel at arbeidet med dei resterande 30 prosenta av kreditorane går sakte, pga. naturlege avgrensingar på arbeidskapasiteten til ein enkelt mann.

- Eg ringjer ein og ein, og finn fram til ei god løysing. Det eg konkret tilbyr er at dei får 50 prosent av pengane sine no, samt ein lovnad om at dei vil få resten i framtida. Det er det absolutt beste me kan tilby no, seier Hylland.

- Betyr det at du forskotterer med eit tenkt overskot for festivalen til neste år?

- Me kan naturleg nok ikkje lova eit overskot til neste år, men økonomien vil i alle fall liggja til grunn for alle avgjerder framover. Me hadde jo eit godt resultat i fjor, så eg har tru på at det er fullt mogleg å få til også til neste år, seier han.

For bygdas skuld

- Men konkursfaren er unngått no?

- Det vil eg seia. Det er ingen som vil vera tente med at me blir slått konkurs heller. Det einaste måtte vera dersom tolmodet mitt tok slutt. Å slå seg konkurs, og berre gje frå seg dette, ville jo vore minste motstands veg. Men eg har valt å stå løpet ut.

Han spør og svarer sjølv på spørsmålet kva som framleis motiverer han til å driva på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nokon spør meg kvifor eg gjer dette. Det er for å få ordna alt på beste måte for både kreditorar, for bygda og for festivalen. Me brukar Os sitt namn i festivalen, og det ville ikkje vore god reklame for bygda om festivalen berre vart lagt ned.

Ser fram til Osfest 2017

På spørsmålet om korleis han vil jobba for å gjera neste års festival meir kommersiell, svarer han at det er litt tidleg å svara endeleg på. Nokre tankar har han likevel alt no.

- Når me er komne så langt, tenkjer eg at det vil bli naturleg å involvera eit nytt styre i den prosessen. Men me må sjå på artistvalet. I fjor vart det veldig godt mottatt, medan det kanskje vart litt for spesielt i år. Me må også jekka festivalen ned på nokre måtar, og ta tæring etter næring. Nokre av artistane kostar vanvittig med pengar. Det finst populære alternativ som ikkje er så kostbare. Har me litt rimelegare artistar får me også lågare kostnader til scene og hotell. Samtidig må du ha nokre store trekkplaster, seier Hylland.

Meir lokalt, større mangfald

- Kva med fleire lokale artistar?

- I år var det for lite lokalt, så det er ei av endringane som vil bli gjort. Dei to første åra hadde me fleire, blant anna Aurora, Eirik Søfteland og Gina Aspenes. Å ha ei eiga lokal scene kan også vera ein idé. Større mangfald er eit stikkord, seier styreleiaren.

Han legg til at han er optimist på vegner av festivalen si framtid, og seier at Osfest er blitt mykje større enn dei hadde våga å håpa på i oppstarten.

- No i år var det 370 frivillige i sving for festivalen. Det me har greidd å byggja opp, er viktig å vidareføra.